Hovudfunn
Totalt har 16 863 pasientar svart på undersøkinga, noko som gir ein svarprosent på 30. På nasjonalt nivå er det samla sett gode resultat for alle dei fem indikatorane som blir målte i denne undersøkinga. Indikatorverdiane ligg jamt over i den øvre delen av svarskalaen frå 0–100, der 100 er høgaste verdi. Resultata for dei fem indikatorane på nasjonalt nivå er:
- Telefonkontakt: 78
- Videosamtale: 82*
- Erfaringar med legane på legevaktlokalet: 79
- Erfaringar med sjukepleiarane på legevaktlokalet: 80
- Organisering og ventetid: 59
*For indikatoren Videosamtale, som fekk ein indikatorverdi på 82, var det berre om lag 5 % (n = 860) av dei som oppgav at dei hadde telefonkontakt med legevakta, som fekk tilbod om hjelp ved bruk av videosamtale. Av dei som fekk dette tilbodet, samtykte 771 i å ta i bruk videosamtale.
Variasjon i resultat mellom legevakter
Det er noko variasjon i resultata (indikatorskårar) mellom legevaktene, men på overordna nivå er dei geografiske forskjellane små. Resultata viser at:
Samanlikning mellom små, middels store og store legevakter:
- Små legevakter skårar høgare enn middels store og store legevakter på indikatorane Erfaringar med legane på legevaktlokalet, Erfaringar med sjukepleiarane på legevaktlokalet og Organisering og ventetid.
- Store legevakter har gjennomgåande lågast skår på Organisering og ventetid.
- For Telefonkontakt og Videosamtale er skårane jamt over høge i alle dei tre storleiksgruppene.
Variasjon mellom alle enkeltlegevaktene:
- På indikatorane Telefonkontakt, Videosamtale, Erfaringar med legane og Erfaringar med sjukepleiarane er skårane generelt høge, og ingen legevakter skil seg negativt ut.
- Indikatoren Organisering og ventetid viser størst variasjon mellom dei enkelte legevaktene.
Variasjon i resultat etter kjenneteikn ved svararane
Sjølv om resultata på overordna nivå generelt er relativt gode, er det viktig å peike på variasjonen i datamaterialet og kva som kjenneteiknar dei som er mindre nøgde med kontakten med legevakta. Det er ein tendens til at:
- Aukande alder gir høgare skårar på indikatorane. Dei yngste i utvalet (16–19 år) skårar lågare på alle indikatorane samanlikna med pasientar over 30 år.
- Høgare utdanning gir høgare skårar på indikatorane. Pasientar med grunnskule som høgaste utdanning skårar lågare på fire av indikatorane enn pasientar med høgskule-/universitetsutdanning.
- Einslege skårar lågare enn gifte, sambuarar, skilde/separerte og enker/enkemenn på fire av indikatorane.
- Pasientar med anna europeisk (ikkje-nordisk) eller ikkje-europeisk språk som morsmål skårar lågare på fire av indikatorane samanlikna med pasientar med norsk som morsmål.
- Pasientar med fleire kontaktar hos fastlege og/eller legevakt i perioden to år før legevaktkontakten skårar lågare på 2–3 av indikatorane samanlikna med pasientar med færre kontaktar.
- Pasientar registrerte med diagnose innan psykisk helse eller sosiale problem ved den aktuelle legevaktkontakten skårar lågare på alle indikatorane enn pasientar registrerte med somatisk sjukdom.
- Pasientar med kontakt innan psykisk helsevern og/eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling i perioden to år før legevaktkontakten skårar lågare på alle indikatorane samanlikna med pasientar utan slik kontakt.
Undersøkinga inneheld òg spørsmål til pasientane om eigenvurdert helserelatert livskvalitet, målt ved EQ‑5D‑5L. Ved å svare på EQ‑5D‑5L‑spørsmåla skildrar svararane helsetilstanden sin langs fem aspekt ved eiga helse: mobilitet, personleg stell, vanlege aktivitetar, smerte/ubehag og angst/depresjon. Svara kan kombinerast til eitt samla mål på helserelatert livskvalitet. Resultata for eigenvurdert helserelatert livskvalitet (EQ‑5D‑5L) i undersøkinga viser at pasientar med betre eigenvurdert helse har høgare skårar på alle dei fem indikatorane samanlikna med pasientar som har oppgitt dårlegare eigenvurdert helse.
Slik reknar vi ut indikatorane
For å kome fram til indikatorar er dei fleste spørsmåla i undersøkinga samla i grupper etter tema. Deretter er det brukt statistiske metodar, mellom anna faktoranalyse, for å lage indikatorar baserte på tema og berekne ein samla verdi for kvart tema.
Ved å bruke indikatorar i presentasjonen av resultata får ein eit meir påliteleg og robust bilete av erfaringane til brukarane enn om ein berre ser på enkeltspørsmål. Indikatorskåren blir oppgitt på ein skala frå 0 til 100, der 100 er best. Til dømes tyder ein skår på 75 at deltakarane i gjennomsnitt har svart i den nest beste av dei fem svarkategoriane.
Resultat på andre spørsmål i undersøkinga:
Undersøkinga inneheld spørsmål om situasjonen og forholda då legevakta vart kontakta, til dømes:
- Om pasienten opplevde situasjonen som akutt eller ikkje, og om fastlegen vart kontakta først eller ikkje.
- 54 % oppgir at dei fekk eit akutt helseproblem eller ei skade då legevakta vart kontakta.
- 62 % av dei som fekk eit akutt helseproblem, ei skade eller ei forverring, svarar at dei fekk ei rask forverring av helsa (innan 0–24 timar).
- 15 % av pasientane opplevde situasjonen som svært alvorleg og meinte dei måtte få hjelp med ein gong, medan 49 % opplevde situasjonen som alvorleg og meinte dei måtte få hjelp innan nokre få timar.
- 25 % svarar at dei opplevde situasjonen som mindre alvorleg og at dei kunne vente til neste dag.
- 11 % oppgir at dei prøvde å kontakte fastlegen før legevakta vart kontakta.
- 89 % oppgir at dei ikkje kontakta fastlegen. Av desse svarar 48 % at dei ikkje prøvde å ta kontakt med fastlegen før legevakta vart kontakta, og 29 % oppgir at fastlegen ikkje var tilgjengeleg på tidspunktet legevakta vart kontakta.
Om ein hadde telefonkontakt med legevakta:
- 84 % av pasientane oppgir å ha hatt telefonkontakt med legevakta.
- 86 % av pasientane som hadde telefonkontakt opplevde at det ikkje tok lang tid, eller berre i liten grad tok lang tid, før dei kom i kontakt med legevakta på telefon.
Oppmøte på legevaktlokalet:
- 82 % av pasientane oppgir at dei møtte opp på legevaktlokalet.
- 82 % av desse hadde bestilt time på førehand.
- 52 % oppgir at dei hadde med seg pårørande, ledsagar eller andre til legevakta.
Reisetid for dei som møtte opp på legevaktlokalet:
- 71 % brukte under ein halv time på å kome til legevaktlokalet.
- 81 % kom med bil til legevakta.
- 80 % svarar at reisetida i stor eller svært stor grad var akseptabel.
Ventetid på legevaktlokalet:
- 74 % svarar at dei venta inntil 30 minutt før undersøking eller behandling.
- 2 % oppgir at dei venta meir enn tre timar.
Vidare oppfølging etter kontakt med legevakta:
- 58 % oppgir at det var behov for vidare oppfølging. Av desse fekk 41 % oppfølging hos fastlegen.
- 37 % vart lagde inn på sjukehus eller annan helseinstitusjon.
Behov for tolk:
- Berre éin prosent (195 pasientar) av respondentane svara at dei hadde behov for tolk.
- Av desse 195 fekk om lag halvparten tilbod om tolk.
- Av dei som fekk tilbod om tolk, viser resultata at fleirtalet i stor eller svært stor grad meinte tolketenesta fungerte tilfredsstillande.
Bakgrunn
I Noreg har kommunane ansvar for å tilby ei legevaktteneste som tek vare på befolkninga sitt behov for augeblikkeleg hjelp. Stortingsmelding nr. 23 (2024–2025) om akuttmedisinske tenester løfta fram betydninga av ei tilgjengeleg og samanhengande akuttmedisinsk kjede. I samband med meldinga vart det fremja ei rekkje tiltak. Eitt av tiltaka var å gjennomføre ei brukarerfaringsundersøking blant pasientar som hadde vore i kontakt med kommunale legevakter i løpet av 2025. På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) gjennomførte Helsedirektoratet (Hdir) ei brukarerfaringsundersøking blant legevaktpasientar i 2025. Føremålet med undersøkinga er å få kunnskap om korleis tilbodet blir opplevd ved ulike legevakter, og å danne grunnlag for systematisk kvalitetsarbeid i legevakttenesta. Undersøkinga er gjennomført med støtte frå Folkehelseinstituttet (FHI).
Legevaktundersøkinga inngår i tiårsplanen for nasjonale pasient-, brukar- og pårørandeundersøkingar som Hdir utarbeidde på oppdrag frå HOD i 2024, og som HOD slutta seg til.