Føremålet med undersøkinga
Føremålet med undersøkinga er å få meir kunnskap om erfaringane til personar som har vore i kontakt med kommunal legevakt.
Kvifor du får spørsmål om å delta
Du får denne førespurnaden fordi du var i kontakt med legevakt i perioden 1. september–31. oktober 2025. Dersom du har vore i kontakt med legevakta fleire gongar i denne perioden, tenk på den siste kontakten du hadde når du svarar. Erfaringane dine er viktige, og vi håpar du tar deg tid til å svare!
Kven er ansvarlege?
Undersøkinga er eit nasjonalt prosjekt som Helsedirektoratet gjennomfører på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Om utfylling av spørjeskjema
Spørjeskjemaet vi bed deg om å svare på i denne undersøkinga, har fire delar. Den første delen handlar om korleis helsa di var FØR legevakta vart kontakta. Del to handlar om kontakten du hadde med legevakta, medan del tre handlar om helsa di I DAG. I siste del av spørjeskjemaet bed vi deg om å svare på nokre bakgrunnsspørsmål.
For å delta, logg inn på Helsenorge og gå til innboksen din. Der finn du ei sikker lenkje som tar deg direkte til undersøkinga, utan behov for ny innlogging. Du kan svare digitalt ved bruk av mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin.
Dersom du har behov for hjelp med å svare på undersøkinga, kan du gjerne spørje ein pårørande / nokon andre om å hjelpe deg.
Når du trykkjer på "Send" på siste side, blir svaret ditt trygt lagra ved Universitetet i Oslo.
Det er frivillig å delta
Deltaking i undersøkinga er frivillig. Du kan, utan å gje opp nokon grunn, velje ikkje å delta i undersøkinga. Innanfor visse fristar kan du også velje å reservere deg mot at vi samanstiller svara dine med personopplysningar frå Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR), Norsk pasientregister (NPR), Folkeregisteret og Statistisk sentralbyrå (SSB) (sjå vedlegg over kva opplysningar det gjeld). Dersom du ikkje svarar, sender vi to påminningar.
Kort om personvern
Vi brukar berre opplysningane om deg til dei føremåla vi har skildra her. Personopplysningane dine blir behandla konfidensielt og i tråd med gjeldande personvernregelverk. Statistikk og resultat frå undersøkinga vil berre bli publisert på gruppenivå (aggregert) og behandla slik at dei ikkje direkte kan sporast tilbake til deg.
Spørsmål
Dersom du har spørsmål til undersøkinga eller treng hjelp til å finne fram på Helsenorge, kan du ta kontakt med Rettleiing Helsenorge. Rettleiingstenesta når du på tlf. 23 32 70 00, kvardagar mellom kl. 08.00–15.30.
Ved spørsmål knytte til sjølve spørjeskjemaet, kan du kontakte oss som er ansvarlege for undersøkinga i Helsedirektoratet på e-post: brukerundersokelser@helsedir.no. For å verne personvernet ditt, bed vi deg unngå å sende fødselsnummer eller helseopplysningar i e-posten.
Du kan lese meir om personvern i Helsedirektoratet på nettsidene våre Helsedirektoratet.no/personvernerklæring, eller du kan kontakte Helsedirektoratet sitt personvernombod på personvernombud@helsedirektoratet.no.
Vi håpar du ønskjer å delta!
Du kan reservere deg mot at vi hentar inn bakgrunnsinformasjon om deg
Fram til 5. januar 2026 kan du reservere deg mot at vi hentar inn opplysningar om deg frå KPR, NPR, Folkeregisteret og SSB.
Ha din BankID klar viss du ønskjer å gjere endringar.
Her kan du trekkje deg eller reservere deg.
Meir om personvern og datahandtering
Kva gjev oss rett til å behandle personopplysningane dine?
Vi behandlar personopplysningane dine fordi vi utfører ei oppgåve i ålmenta si interesse i samsvar med personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav (e) og artikkel 9 nr. 2 bokstav (j). Det supplerande rettslege grunnlaget for behandlinga vår følgjer av personopplysningslova §§ 8 og 9. Helsedirektoratet sitt personvernombod er orientert om behandlinga, og har gjeve innspel i prosessen.
Kva skjer med opplysningane dine?
Følgjande informasjon blir brukt i undersøkinga:
- Fødselsnummer for å sende ut førespurnad om å delta via Helsenoreg
- Svara dine frå spørjeskjemaet
- Bakgrunnsdata frå alle som har vore i kontakt med legevakt i perioden (sjå oversikt over kva data vi hentar inn)
Fødselsnummer og bakgrunnsdata (punkt 1 og 3) blir henta frå KPR, NPR, Folkeregisteret og SSB. Fødselsnummeret ditt blir sletta og blir erstatta med deltakarnummer før spørjeskjemasvara dine (punkt 2) blir samanstilte med bakgrunnsdata i statistiske analysar. Deretter blir data overførte til Helsedirektoratet, der dei blir behandla og blir lagra i samsvar med strenge tryggingskrav.
Følgjande data blir henta frå KPR, NPR, Folkeregisteret og SSB:
- Opplysningar om pasienten (alder, kjønn, fødeland, sjukdomshistorikk og tidlegare kontakt på legevakta, legevakt og kommune).
Helsedirektoratet er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar som vil bli brukte til kvalitetssikring og analysar av brukaropplevd kvalitet. Statistikk og resultat frå undersøkinga vil berre bli publisert på gruppenivå (aggregert) slik at dei ikkje direkte kan sporast tilbake til deg.
Legevakta du har motteke tenester ved, vil ikkje få vite kva akkurat du svarar. Statistikk og resultat frå undersøkinga kan også bli brukte i analysar og forsking.
Rettane dine
Så lenge du kan identifiserast i datamaterialet, har du ei rekkje rettar etter personvernregelverket. Du har mellom anna rett til å be om innsyn, retting og sletting av personopplysningane dine fram til opplysningane blir anonymisert i 2041. Dersom du viser til desse rettane, kan du sende ein e-post til brukerundersokelser@helsedir.no. Du vil høyre frå oss innan ein månad. Du har også rett til å klage til Datatilsynet om korleis vi behandlar personopplysningane dine.
I denne undersøkinga kan du fram til 5. januar 2026:
- Reservere deg mot at vi hentar personopplysningane dine frå KPR, NPR, Folkeregisteret og SSB for å samanstille desse opplysningane med opplysningane frå spørjeskjemaet.
Det gjer du ved å sende inn skjemaet på denne nettsida. Hugs å ha BankID klar.
Alle som jobbar med undersøkinga har teieplikt, og alle opplysningar blir behandla fortruleg.Berre dei i Helsedirektoratet si prosjektgruppe som har tenestleg behov, vil ha tilgang til personopplysningane dine.
Du kan lese meir om rettane dine og korleis Helsedirektoratet behandlar personopplysningar i Helsedirektoratet si personvernerklæring.
Du kan også kontakte Helsedirektoratet sitt personvernombod dersom du har spørsmål om behandlinga vår av personopplysningane dine. Personvernombodet vårt kan du kontakte på følgjande e-postadresse: personvernombud@helsedir.no. Merk førespurnaden med "legevakta".
Kva skjer med personopplysningane dine når prosjektet blir avslutta?
Prosjektet vil etter planen avsluttast 31.12.2036. Personopplysningane vil bli anonymiserte i 2041. Helsedirektoratet vil lagre opplysningar i avidentifisert form på ubestemd tid for framtidige analysar.