Den norske versjonen av Snomed CT omfattar synonyme termar i tillegg til tilrådd term (PT).
Formålet med synonymi er å ta høgd for variasjon i medisinsk fagspråk og gjere Snomed CT-termane meir gjenkjennelege og brukelege på ulike område, t.d. søking i eit grensesnitt.
Hovudregelen er at synonym som er i faktisk klinisk bruk, skal vere med i den norske omsetjinga, med mindre dei bryt med prinsippa i Håndbok for oversettelse av Snomed CT eller norsk rettskriving.
Kva er synonymi?
Ifølgje Terminologiens terminologi er synonymi ein "relasjon mellom betegnelsers om i et gitt språk står for samme begreper". Med andre ord har synonyme termar akkurat det same tydingsinnhaldet. Nærsynonyme termar (med vidare eller snevrare tydingar) blir i denne samanhengen ikkje rekna som synonyme termar. Sjekk FSN og plasseringa av omgrepet i hierarkiet for å vurdere synonymien til ein term.
Merk at ein må vere varsam med å ta utgangspunkt i dei engelske synonyma i den internasjonale utgåva. I ein del tilfelle har dei vidare eller snevrare tyding enn FSN-en.
Forklarande frasar blir i vår samanheng ikkje rekna som synonym og skal ikkje inkluderast.
Kva typar synonymi finst og korleis skal vi handsame dei?
1 Variasjon i skrivemåte
Valfri form 1 | Valfri form 2 |
---|---|
bein | ben |
stein | sten |
leddyr | ledd-dyr |
innsetting | innsettelse |
Ifølgje Håndbok i oversettelse av Snomed CT skal vi ikkje ta med slike variantar. Berre éi form skal inkluderast i norsk Snomed CT.
2 Leksikalsk variasjon
Latin | Norvagisering | Arveord |
---|---|---|
thorax | Toraks | brystkasse |
canthus | Kantus | øyekrok/øyevinkel |
vesilica biliaris / vesica fellea | galleblære | |
fullform: thyreoidea glandula kortform: thyreoidea | tyreoidea | skjoldbruskkjertel |
fullform: colon sigmoideum kortform: sigmoideum |
Vi tek med variantane så lenge vi finn belegg for dei i faglege kjelder. Vi unngår sjeldne eller eldre variantar. Sjå elles dei språklege prinsippa i Håndbok for oversettelse av Snomed CT til norsk for å vurdere kva for ein av variantane skal få status som føretrekt term (PT). Redaksjonsordlista bør nyttast til å føre opp tvilstilfelle eller løyse uavklarte synonym.
3 Morfosyntaktisk variasjon
A-vitaminmangel | vitamin A-mangel | mangel på A-vitamin | mangel på vitamin A |
Denne forma kan skape mange ulike moglege kombinasjonar. Vi avgrensar dei til to, A-vitaminmangel (PT) og mangel på A-vitamin (synonym), og fører dei opp i redaksjonsordlista for å sikre konsistens.
4 Fullform og forkortingar
fullform | forkorting |
---|---|
cystisk fibrose | CF |
Ifølgje Håndbok i oversettelse av Snomed CT skal vi unngå å bruke forkortingar som føretrekt term (PT), men med eksplisitte unnatak. Dersom ei forkorting får oppføring som synonym, bør ho følgje mønsteret <FORKORTING - FULLFORM>
PT | cystisk fibrose |
SY | CF (cystisk fibrose) |
Dersom forkortinga inngår i ei lengre samansetjing eller samansett omgrep, har vi to val. Vi kan inkludere fullforma i parentes for å unngå tvitydigheit.
PT | femurlengde hos foster |
SY | FL (femurlengde) hos foster |
Vi kan også utelate fullforma i parentes for å unngå ein svært lang og kunstig term. I slike tilfelle er det svært viktig å unngå tvitydigheit:
PT | lavt cerebrospinalvæsketrykk |
SY | lavt CSF-trykk |
PT | karpometakarpalledd i tommel |
SY1 | karpometakarpalledd i første finger |
SY2 | CMC-ledd i tommel |
Merk at det er nokså vanleg å gjenta sisteleddet i forkortinga med norsk fullform: CTC-ledd (jf. også PIN-nummer, CD-plate og RIB-båt). Dette gjev kontekstuell informasjon som reduserer tvitydigheit.
Om ein er i tvil, bør ein velje alternativet med fullforma i parentes, som i FL (femurlengde) hos foster.
5 Særskilt om mange moglege kombinasjonar i fleirordstermar
Hovudregel: Når to ulike omgrep vert sett saman til eit nytt omgrep, set vi saman føretrekte termar frå dei to "delomgrepa" som føretrekt term for det nye omgrepet.
Døme: PT: slimhinne + PT gastrointestinaltraktus > PT slimhinne i gastrointestinaltraktus
Dersom dei to ulike delomgrepa har fleire synonyme termar, kan det skape mange ulike variantar:
omgrep 1 | omgrep 2 |
---|---|
slimhinne | gastrointestinaltraktus |
mukosa | gastrointestinaltractus |
mucosa | GI-traktus |
mage-tarm-kanal |
I tillegg til mønsteret for føretrekt term (PT), bør vi følgje følgjande mønster for oppføring av synonymi som ein tommelregel:
PT + PT |
---|
arveord + arveord |
norvagisering + norvagisering |
latin + latin |
PT | slimhinne i gastrointestinaltraktus |
SY1 | slimhinne i mage-tarm-kanal |
SY2 | mukosa i GI-traktus |
SY3 | mucosa i gastrointestinaltractus |
omgrep 1 | omgrep 2 |
---|---|
medfødt | genu varum i venstre kne |
kongenital |
PT | medfødt genu varum i venstre kne |
SY1 | kongenital genu varum i venstre kne |
SY2 | medfødt hjulbeinhet på venstre kne |
og
omgrep 1 | omgrep 2 |
---|---|
Tumor | metatars |
Neoplasi | os metatarsale |
Svulst | mellomfotsbein |
metatarsalbein |
PT | tumor i metatars |
---|---|
SY1 | neoplasi i os metatarsale |
SY2 | svulst i mellomfotsbein |
SY3 | svulst i metatarsalbein |
6 Ordklassevariasjon
substantiv | Verb |
---|---|
hjelp til barn | hjelpe barn |
Vi unngår verb så langt som mogleg i den norske versjonen av Snomed CT. Unntaket gjeld for nokre overordna omgrep i kliniske funn-hierarkiet, f.eks. "bruker bleie".