I perioden 2007–2023 er det fødd over 43 000 barn etter assistert befruktning i Noreg. Delen av alle fødslar har auka frå 3,1 prosent i 2007 til 5,5 prosent i 2023.
I 2023 blei 3476 barn fødde etter assistert befruktning, og 722 av dei blei fødde etter bruk av donor. Det går fram av Helsedirektoratet sin rapport Assistert befruktning i Noreg i perioden 2007 til og med 2023: Utvikling og trendar.
— Det er det høgaste talet Helsedirektoratet har registrert så langt, seier spesialrådgjevar for legemidler og biomedisin, Anne Forus.
Dette går fram av Helsedirektoratet sin rapport Assistert befruktning i Noreg i perioden 2007 til og med 2023: Utvikling og trendar.
I 2020 gjorde ei lovendring det mogleg å få fertilitetsbehandling med donorsæd, og i 2021 blei det tillate med eggdonasjon.
Til saman gjer dette at fleire som tidlegare ikkje kunne få barn, no får moglegheita til å realisere ønsket sitt. Det er gledeleg, seier Forus.
— Vi ser det tydeleg ved at talet på einslege kvinner som får barn etter assistert befruktning har auka mykje dei siste åra, og behandlingar med eggdonasjon i 2023 gav 118 barn.
Fleire oppsøkjer private klinikkar
Stadig fleire barn blir til etter assistert befruktning ved ein privat klinikk. Tal frå 2023 viser at 42 prosent av barna som blei til dette året, blei til etter behandling hos ein privat klinikk, mot 16 prosent i 2007.
Medan det i 2007 berre var offentlege klinikkar som hadde behandling med donor, har dette endra seg betydeleg.
I 2023, som er det siste året det finst fullstendig statistikk for, stod behandling ved private klinikkar bak 75 prosent av barna som blei til ved donorbehandling.
— Vi ser eit skifte der private aktørar får ei stadig større rolle, særleg innan donorbehandling, seier Forus.
Framleis flest par som får hjelp
Sjølv om fleire einslege brukar sæd- og eggdonor, er det framleis vanlegast at par får assistert befruktning med eigne kjønnsceller.
2754 barn blei fødde ved assistert befruktning utan bruk av donor.
Medan 1 av 8 av fødslane etter assistert befruktning var ein tvillingfødsel i 2007, var delen i 2023 berre 1 av 30.
— Klinikkane har blitt meir nøye med å berre setje inn eitt befrukta egg kvar gong, og dette reduserer sjansen for fleirlingar. Fleirlingsvangerskap medfører større risiko for mor og barn, og utviklinga er difor god, seier gynekolog og seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, Mee Kristine Aas-Eng.