Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Korleis skal kommuneoverlegen arbeide i framtida?

Bilde av mennesker

Rettleiaren er eit resultat av eit tett og godt samarbeid med representantar for Legeforeininga, KS, Folkehelseinstituttet og statsforvaltarane.

Først publisert: 19.06.2024 Siste faglige endring: 19.06.2024

No er «Nasjonal veileder for kommunelegefunksjonen og samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen» på offentleg høyring, og Helsedirektoratet oppmodar kommunar og andre til å sende inn høyringsinnspel.

Artikkelen er 116 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Rettleiaren skal overordna sett bidra til at kommunane sikrar forsvarleg samfunnsmedisinsk kapasitet, kompetanse og kontinuitet både under normale forhold og under krise- og beredskapssituasjonar. Sentralt i anbefalingane er den tverrsektorielle rolla til kommuneoverlegen, spesielt innan folkehelsearbeidet og beredskapsarbeidet til kommunen.

Styrkje samfunnsmedisinsk arbeid

– Pandemien viste oss at det er behov for å styrkje det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunane for å sikre god beredskap. Vi må sikre at kommuneoverlegefunksjonen er robust og effektiv, både i kvardagar og når kriser rammar oss. Det er også viktig å løfte fram rolla til kommuneoverlegen i det viktige folkehelsearbeidet til kommunane, seier Helen Brandstorp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Godt samarbeid

Rettleiaren er eit resultat av eit tett og godt samarbeid med representantar for Legeforeininga, KS, Folkehelseinstituttet og statsforvaltarane. Den blir no send på ein brei, offentleg høyring med lang høyringsfrist. Dette gjer vi for å sikre at kommunane og andre som ønskjer å gi eit høyringssvar har god tid til å vurdere innhaldet i høyringsutkastet.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold