Frå 30. april til 14. november 2025 har det vore ein feil i Reseptformidlaren. Ein menneskeleg svikt førte til at blokkeringar som innbyggjarane har sett på Helsenorge, og som skal hindre helsepersonell i å sjå innbyggjarane sine reseptar, ikkje fungerte. Feilen blei oppdaga av Norsk helsenett og retta 15. november.
— Dette er ein alvorleg feil som ikkje skal skje. Innbyggjarane skal kunne stole på at helseopplysningane deira blir behandla sikkert, og at personvernet er ivareteke i tråd med dei innstillingane dei sjølve har valt på Helsenorge, seier Lucie Aunan, divisjonsdirektør for digital transformasjon i Helsedirektoratet.
Feilen gjeld 2396 personar
Feilen som blei oppdaga, gjeld 2396 personar. I perioden fungerte ikkje blokkeringane som innbyggjarane hadde sett. Det førte til at helsepersonell fekk tilgang til reseptar dei ikkje skulle ha tilgang til.
Alle som vart råka av feilen har fått informasjon frå Helsedirektoratet om kva som har skjedd. Dersom dei har spørsmål til informasjonen, er Veiledning Helsenorge kontaktpunktet for hjelp og rettleiing.
Kva har vi gjort?
- I tett samarbeid med Norsk helsenett er det sett i gang ei grundig gjennomgang av allereie strenge rutinar og prosessar for å sikre at liknande feil ikkje skal skje igjen.
- Alle som vart råka av feilen har fått informasjon frå Helsedirektoratet, anten gjennom Helsenorge (tysdag 9. desember), i den digitale postkassa si eller som brev i posten (postgangen kan ta nokre dagar).
- Datatilsynet er varsla i tråd med rutinar.
Ansvar
Helsedirektoratet har dataansvar for Reseptformidlaren, som betyr å ha hovudansvar for at helseopplysningar blir behandla rett og sikkert. Norsk helsenett er databehandlar. Det vil seie at dei utviklar og driftar dei tekniske løysingane, og sørgjer for sikker lagring og overføring av data.
Tidlegare nyheitssaker om hendinga:
- 14. november: Feil i blokkering av tilgang til resepter - Helsedirektoratet
- 15. november: Feil rettet - reseptblokkering fungerer igjen som normalt - Helsedirektoratet
Fakta om blokkering
Kva betyr blokkering i Reseptformidlaren?
Innbyggjarane har rett til å blokkere helsepersonell frå å sjå reseptar og reseptopplysningar. Det betyr at helsepersonell ikkje får tilgang, sjølv om dei kan ha behov for informasjonen for å gi aktuell innbyggjar helsehjelp, såkalla tenstleg behov. Blokkeringa gjeld ikkje tilsette på apotek.
Alle oppslag blir registrerte i innsynsloggen i Reseptformidlaren, og innbyggjarane kan sjølve sjå kven som har hatt innsyn ved å logge inn på Helsenorge.
Loggen gir oversikt over namn på helsepersonell, behandlingsstad eller verksemd, samt dato for innsyn. Informasjonen blir lagra i eitt år.
Alle som vart råka har fått informasjon om kva dei kan gjere dersom dei ser noko i loggen som ikkje er knytt til helsehjelp, eller om innbyggjar har mistanke om at helsepersonell har sett reseptar utan tenstleg behov.
Meir informasjon
Er du råka av feilen, og har spørsmål eller treng hjelp, kontakt Veiledning Helsenorge på 23 32 70 00, kvardagar mellom kl. 08:00 og 15:30.