Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Assistert befruktning

Antall barn født etter behandling med assistert befruktning utført i Norge øker i perioden 2018-2020.

Dei siste tre åra har det vore ei auking i talet på barn som er fødde etter assistert befruktning. I 2020 var det ei sterk auking i talet på behandlingar med donorsæd, og det blei født 463 barn etter desse behandlingane. Det er det høgaste talet vi har registrert så langt. Einslege kvinner fekk tilgang til assistert befrukting frå juli 2020, og vi trur at dette har bidratt til aukinga.

i denne perioden er om lag 83 prosent av barna fødd etter behandling med donorsæd blitt til ved hjelp av sæd frå ein sædbank i Danmark. Om lag 17 prosent er blitt til ved sæd frå donorar som er rekruttert i Noreg.

Utvikling i perioden 2018 til og med 2020

  • Behandlingar med assistert befruktning utført i Noreg i 2019 resulterte i 2937 barn:
    Det er 49 fleire enn i 2020, da behandlingar med assistert befruktning resulterte i 2888 barn, og ei auking samanlikna med 2018, da behandlingane gav 2813 barn. Talet på barn fødde etter assistert befruktning i 2019 er det høgaste talet vi har registrert hittil.

    Tala omfattar barn fødde etter behandlingar utført i Noreg (inseminasjon, "prøverøyr", behandling med befrukta egg som har vore lagra og behandlingar med donorsæd). Helsedirektoratet mottar ikkje informasjon om behandlingar som er utførte i andre land.
     
  • Alderen til kvinnene
    Tidlegare år var det flest behandlingar i aldersgruppa 30-34 år, og nest flest i aldersgruppa 35-39 år. I 2020 var det omtrent like mange behandlingar i dei to gruppene, men fleire fødslar i aldersgruppa 30-34 år (totalt 1133 fødslar).
     
  • Barn født etter behandling med donorsæd: Det blei født fleire barn etter behandling med donorsæd i perioden 2018-2020 enn i perioden 2014-2017. Behandlingar med donorsæd utført i 2018 resulterte i 305 barn, behandlingar utført i 2019 resulterte i 327 barn, og behandlingar utført i 2020 resulterte i 463 barn.
     
  • Bruk av lagra befrukta egg: Ved befruktning utanfor kroppen ("prøverøyr"), blir det ofte fleire befrukta egg som har potensial til å bli eit barn. Som regel blir eitt befrukta egg sett inn i livmora. Dei andre kan ein fryse ned og bruke i seinare forsøk. Ny behandling med innsetting av lagra, befrukta egg er meir skånsamt for kvinna enn ei ny behandling med hormonstimulering og uthenting av egg.
    I 2020 ga behandling med innsetting av befrukta egg som har vore lagra heile 1227 barn (barn fødde etter donorbehandling er inkludert). Det er omtrent 42 prosent av barna som blei til ved hjelp av assistert befruktning dette året. I 2019  var talet 1079 barn (37 prosent av dei som ble til ved assistert befruktning), og i 2018 gjaldt dette 932 barn (tilsvarande 33 prosent).
     
  • Færre tvillingfødslar etter assistert befruktning: Dei siste 10 åra har det vore ein sterk nedgang i talet på tvillingsvangerskap etter assistert befruktning. Dette er ei positiv utvikling. Tvilling- og trillingsvangerskap og fødslar gir auka risiko for komplikasjonar hos mor og barn.

I 2013 var rundt 10 prosent av fødslane etter assistert befruktning ein tvillingfødsel. I perioden 2018 til og med 2020 var under 5 prosent av desse fødslane ein tvillingfødsel, lågast i 2020, kor tvillingfødslar utgjorde 3 prosent av fødslane.

Behandlingar med assistert befruktning utført i 2018 til og med 2020 resulterte i til saman 5 trillingfødslar, det same som i perioden 2014 til og med 2017.

Det totale talet på tvilling- og trillingfødslar i perioden 2018 til og med 2020 var stabilt rundt 1,4 prosent (dette inkluderer alle fødslar, også dei etter assistert befruktning).

  • I 80 til 90 prosent av behandlingane med befruktning utanfor kroppen blir det sett inn berre eitt befrukta egg:
    I 2018 blei det sett inn berre eitt befrukta egg i ca. 80 prosent av behandlingane med befrukting utanfor kroppen, 2019 gjaldt dette for 87 prosent av behandlingane, og i 2020 for 89 prosent av behandlingane.

    Praksis med å berre sette inn eitt befrukta egg når det er mogleg, er den viktigaste årsaka til den sterke reduksjonen i tvilling- og trillingsvangerskap etter assistert befruktning.

Utvikling i perioden 2007-2020

  • Stadig fleire barn fødde etter assistert befruktning.
     
  • Jamn auking i talet på behandlingar med assistert befruktning.
     
  • Jamn auking i talet på barn som er fødde etter innsetting av lagra befrukta egg (FER).
     
  • Markant auking i talet på barn fødde ved hjelp av donorsæd, først etter lovendringa i 2009, då det blei opna for at likekjønna par kan assistert befruktning. Så ei ny, sterk auking etter lovendringa i 2020 som opna for at einslege kvinner kan få assistert befruktning. 
     
  • Stadig auking i talet på kvinner eller par som får behandling med ein eller fleire metodar for assistert befruktning i løpet av eit år. Spesielt stor auking i talet på kvinner eller par som fekk behandling med donorsæd i 2020.

    Dersom paret eller kvinna eitt år har fått ei IVF-behandling som ikkje førte til barn, og så ei behandling med overføring av embryo som har vært vore lagra ( FET), er dei med i statistikken for både IVD og FET. Derfor har vi ikkje nøyaktige tal for kor mange kvinner eller par som har fått behandling kvart år.

Om statistikken

Helsedirektoratet godkjenner verksemder som har tilbod om assistert befrukting. Kvart år mottar vi rapporter om aktiviteten. Rapporteringsplikta følgjer av bioteknologiloven § 7-2 og av forskrift om krav til kvalitet og sikkerheit ved handtering av humane celler og vev § 5.

Data om behandlingar med eggdonasjon kjem først i 2023.

Rapportane som Helsedirektoratet får, viser aktivitetstal for behandlingane som er utførte i Noreg, og gir mellom anna ei oversikt over kor mange kvinner eller par som har fått behandling med kvar enkelt metode i løpet av eitt år. Som nemnt over, kan ei kvinne eller eit par vere registrert med ei eller fleire behandlingar det same året. Dette gjer at talet på par i oversiktene våre er litt for høgt, og ikkje viser eksakt kor mange "unike" par eller kvinner som får assistert befruktning kvart år. Feilen er systematisk gjennom alle åra.

Vi har ikkje data som viser kor mange likekjønna par eller einslege kvinner som får behandling kvart år. Vi har heller ikkje tal som viser kor mange behandlingar kvinna eller paret får før dei lykkast med å få barn. Tal frå Norsk pasientregister gir berre oversikt over behandlingar utført ved offentlege klinikkar.

Rapportane som Helsedirektoratet mottar, kan ikkje utan vidare brukast til å vurdere om ei verksemd har betre eller dårlegare resultat enn ei anna. Om behandlinga lykkast eller ikkje, avhenger av medisinske faktorar, kvinna sin alder osb.

Rapporter 

Donasjon og bruk av donorsædsæd i perioden 2018 til og med 2021

I Norge har me nokre private og nokre offentlege verksemder som rekrutterer donorar. Dei første private verksemdene fekk godkjenning for rekruttering av sæddonorar i 2021.

Helsedirektoratet får kvart år rapportar om kor mange norske donorar som har donert sæd året før.  Oversikten nedanfor viser kor mange donorar som blei donerte sæd kvart år i perioden 2018 til og med 2021.

 

2018

2019

2020

2021

Sæddonorar som har donert ved offentleg verksemd

22

11

57

72

Sæddonorar som har donert ved privat verksemd

 

 

 

11

Donasjon og bruk av donoregg i 2021

I Norge har me både private og offentlege verksemder som rekrutterer eggdonorar. Nokre private klinikkar importerer også donoregg frå verksemder i andre nordiske land.  Verksemdene kunne få godkjenning for dette frå april 2021.

Helsedirektoratet får kvart år rapportar om kor mange norske donorar som har donert egg året før, kor mange egg som er importert, og kor mange behandlingar med eggdonasjon som er utført. Den fullstendige statistikken om eggdonasjon kjem først i 2023.

I 2021 var det berre private verksemder som rekrutterte donorar, importerte donoregg og gjorde behandling med eggdonasjon.

Tal på donorar som har donert egg:

23

Tal på donoregg som er importert frå andre nordiske land:

28

Tal på behandlingssyklusar med eggdonasjon:

49

Lagring av egg, sæd eller eggstokkvev på grunn av behandling som kan skade fertiliteten

Personar som skal gå gjennom ei behandling som kan skade fertiliteten, kan få tilbod frå den offentlege helsetenesta om å lagra egg, eggstokkvev, sæd eller testikkelvev. Helsedirektoratet får rapportar om slik aktivitet kvart år. Ein stor del av dei som får dette tilbodet, skal få behandling for kreft.

Lagring av sæd eller testikkelvev for å bevare fertiliteten

Dei fleste som får dette tilbodet, får lagra sæd. Men, dersom pasienten er svært ung, kan det vere aktuelt å lagre testikkelvev.

 

2018

2019

2020

2021

Tal på pasientar - kreftbehandling

 

155

200

278

Tal på pasientar - anna behandling

 

279

162

221

Tala som står under "anna behandling" gjeld pasientar som har fått tilbod om slik lagring på grunn av behandling for andre sjukdomar enn kreft, for medisinsk årsak som ikkje er oppgitt, og personar som får tilbodet fordi dei får behandling for kjønnsinkongruens. 

Lagring av ubefrukta egg eller eggstokkvev for å bevare fertiliteten

Dei fleste som får lagra ubefrukta egg eller eggstokkvev, får tilbodet fordi dei skal gå gjennom kreftbehandling. Det er berre Oslo universitetssykehus som har tilbod om lagring av eggstokkvev.

 

2018

2019

2020

2021

Tal på pasientar

 

51

50

32

Lagring av ubefrukta egg utan medisinsk indikasjon

Frå 1. juli 2020 blei det opna for å lagre ubefrukta egg utan at det er ein medisinsk grunn til det. Dei som ønskjer dette, må betale fullt ut for tenesta. Det er berre private verksemder som har dette tilbodet.

 

2020

2021

Tal på personar som har lagra ubefrukta egg

21

174

Først publisert: 10.08.2020 Sist fagleg oppdatert: 26.04.2023