Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fleire donerer egg og sæd i Noreg

Bilde som viser nedfrysing for kunstig befruktning.

I 2022 var det 127 menn som donerte sæd ved norske verksemder, og 77 kvinner som donerte egg i Norge (Foto: Getty Images).

Først publisert: 13.06.2023 Siste faglige endring: 13.06.2023

Dei siste tre åra har det vore ein auke i talet på donorar i Noreg.

Artikkelen er 318 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

- I 2022 var det 127 menn som donerte sæd ved norske verksemder, og 77 kvinner som donerte egg. Dei norske verksemdene utførte til saman 1961 behandlingar med sæddonasjon og 198 med eggdonasjon i 2022, seier Anne Forus, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet. 
I 2024 får Helsedirektoratet tala som viser kor mange barn som blei fødde etter desse behandlingane.

Tilbod om behandling

Helsedirektoratet får rapportar om assistert befrukting frå alle verksemder i Noreg som har tilbod om slik behandling. Noko av aktiviteten blir rapportert året etter at dei er utførte, fordi det er eit krav frå EU. Det gjeld mellom anna tal på personar som har donert egg eller sæd ved norske verksemder. I 2022 var det 127 menn som donerte sæd ved norske verksemder, og 77 kvinner som donerte egg. Donorar som er rekruttert, men som ikkje donerte i 2022, inngår ikkje i tala.

Importerer frå andre nordiske land

Rapportane som inneheld opplysingar både om behandlingar som er gjort i 2022 og kor mange barn som er fødde etter dette, kjem året etter at alle barna er fødde, det vil seie i 2024. Tala fram til og med 2020 er publiserte. Helsedirektoratet held på å samle inn data frå 2021.  

Abonner på nytt eller oppdatert innhold