Generative språkmodellar kan fungere som ein samtalerobot som gjev svar på kliniske spørsmål, og såleis fungere som eit avgjerdsstøtteverktøy (beslutningsstøttesystem), jf. figur 17. Språkmodellen Med-PaLM har blitt løfta fram som eit døme på kor raskt utviklinga av språkteknologi går. Med-PaLM var i stand til å svare rett på 67,6 % av spørsmåla (m.a. frå medisineksamen i USA) i desember 2022. I mars 2023 kom den korrekte svarprosenten på 86,5 %.
![Øverst er en boks med spørsmålet, under er en boks med svar](https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/store-sprakmodellar-i-helse-og-omsorgstenesta/bruksomrade-for-sprakmodellar/klinisk-samtalerobot-sporsmal-og-svar/_/image/9bd55fdd-23d9-4ce2-8be4-bf562a9d3319:a4ed0a37a51054acefa0dc0e4b9ca2f9d7a6588a/width-768/image-20240503102933-1.png)
Figur 17: Døme på spørsmål og svar i språkmodellen Med-PaLM[44]