Velkommen som medlem i Helsedirektoratets seniorforeining
Seniorforeininga har som føremål å gje tidlegare tilsette i Helsedirektoratet tilbod om regelmessige arrangement og sosiale samlingar. Døme på aktivitetar er faglege føredrag, kurs, omvisingar, turar og kulturelle opplevingar. Medlemmane deltek på aktivitetar med subsidierte prisar.
Korleis bli medlem?
- Du må ha vore tilsett i Helsedirektoratet
- Du må vere over 62 år og pensjonist eller uføretrygda
- Send e-post om innmelding med namn, adresse og e-post til: seniorforeningen.helsedir@gmail.com
- Betal 300 kroner i årspengar i 2026 til kontonummer 9855 05 60666. Hugs å skrive kven betalinga er frå i merknadsfeltet.
Kva skjer i 2026?
Styret ønskjer å tilby eit variert program og oversikten under viser planlagde aktivitetar i 2025. Styret tek atterhald om at det kan kome endringar i programmet.
Dato og stad | Aktivitet |
|---|---|
Februar: Onsdag 4. februar
Vitaminv. 4
| Medlemsmøte kl. 11.30 – 13.00 «Norsk klatresport gjennom 150 år» Foredrag ved Knut Ihlen Tønsberg
Det er 150 års siden Store Skagastølstind ble besteget og norsk klatresport startet. |
Mars: Onsdag 4. mars
Vitaminv. 4
| Årsmøte med foredrag kl. 11.30-13.30 «Legemiddelforsyning i urolige tider» Foredrag ved Kirsten Hjelle |
April: Onsdag 22. april
Vitaminv. 4
| Medlemsmøte kl. 11.30 – 13.00 «Hjernen og aldring» Foredrag ved Per Brodahl |
Mai: Tirsdag 19. mai
Langs Akerselva
| Medlemsutflukt kl. 11.00 – 14.00 Elvevandring langs Akerselva med Martin Blindheim som los. Ta med matpakke. |
Juni: Onsdag 17. juni
Asker museum | Medlemsutflukt kl. 11.00 – 14.00 Omvising i Kunstnardalen og Asker museum, inkludert besøk i kunstnarheimane til Tilla og Otto Valstad og Hulda og Arne Garborg. Lunsj på Asker museum. |
Juli og august | FERIE |
September: Onsdag 9. september
Frognerparken | Medlemsutflukt kl. 12.00-15.00 Omvisning i Vigelandsmuseet og kunstnerhjemmet til Ingerid og Gustav Vigeland. Lunsj på restaurant i Frognerparken. |
Oktober: Tirsdag 6. oktober
Vitaminv. 4 | Medlemsmøte kl. 11.30-13.00 «Sivilt beredskap og eigenberedskap» Kva blir gjort for å førebu innbyggjarane på kriser og krig? Foredrag, avdeling beredskap, Helsedirektoratet. |
November: Onsdag 4. november
Vitaminv. 4
| Medlemsmøte kl. 11.30-13.00 «Norsk Pasientskadeerstatning» Foredrag ved Kristin Cordt-Hansen, direktør i Norsk Pasientskadeerstatning |
Desember: Onsdag 2. desember
Vitaminv. 4 | Medlemsmøte kl. 11.30-14.00
Julelunsj med «Rikets tilstand» ved Helsedirektøren. |
Styret
Leiar: Sigrun Heskestad. Vald for to år
Sekretær: Torill Johnsen. Vald for eitt år
Kasserer: Egil Torodd Andersen. Vald for to år
Styremedlem: Terje Totland. Ikkje på val
Styremedlem: Rolf Johannes Windspoll. Vald for eitt år
Styremedlem: Unni Taiet Selmer. Vald for to år
Varamedlem: Sigurd Røed Dahl. Ikkje på val

Sigurd Røed Dahl er ikkje med på biletet.
Vedtekter
Vedtekter for Helsedirektoratet si seniorforeining
Protokoll
Protokoll frå årsmøtet i mars 2025 (PDF)j