Dette syner ein evaluering av ordninga, som SINTEF har utført på oppdrag frå Helsedirektoratet. Føremålet med ordninga er å rekruttere psykologar i kommunane for å styrke kompetansen og kvaliteten innan psykisk helse, rus, valds- og traumefeltet.
Tala viser at vi i 2018 gav tilskot til 550 psykologar i 311 kommunar og bydelar. I rapporteringa til Helsedirektoratet frå 2017 sa 88 prosent av kommunane at dei oppnår måla med ordninga svært godt eller godt i kommunen sin.
- Det er tydeleg at mange kommunar har jobba målretta og systematisk med å auke rekrutteringa. Samstundes ser vi at tilsette i samarbeidande tenester i stor grad er nøgde med den kompetansen psykologane tek med seg inn i kommunane, seiar Garvoll.
Best effekt ser vi når psykologane jobbar nært med andre delar av helsetenesta i kommunane, eller når dei kan gjere tiltak som når ut til mange brukarar samstundes.
Det er likevel mange kommunar som har problem med rekruttering, særleg mindre distriktskommunar.
Vi oppmodar kommunane til å tenkje kreativt om tiltak for å nå målet om å ha psykologkompetanse innan lovkrav trør i kraft frå 2020. Interkommunalt samarbeid kan vere ei mogleg løysing for fleire av dei mindre kommunane.
Evalueringa synar òg at erfaringa til psykologane har mykje å seie. Psykisk helse- og rustenester i kommunane har ein stor del høgskule- og universitetsutdanna personell, og tilhøva bør liggje godt til rette for at psykologane kan arbeide og utvikla seg saman med kompetente fagmiljø i kommunen.
Ei anna utfordring er at fleire av spesialitetane i psykologi krev at psykologane har praksis over lengre tid i spesialisthelsetenesta, noko som kan skape problem med kontinuitet.
- I det store og heile er ordninga ein suksess. Av 191 brukarar som har svara på ei undersøking av psykologitilbodet, synder at halvdelen av dei spurde i stor eller særs stor grad er nøgde med tilbodet, og at ytterlegare 20 prosent i nokon grad er nøgde med tilbodet. Samstundes svara 38 prosent at dei i stor eller særs stor grad har fått betra helsetilstanden sin som følgje av hjelp frå psykologane, seier Metta Garvoll.