Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Tilskotsordningar med frist 1. desember er utlyste

Først publisert: 10.11.2022 Sist faglig oppdatert: 10.11.2022

Fleire av tilskotsordningane til Helsedirektoratet har søknadsfrist allereie 1. desember 2022.

Denne tidlege søknadsfristen for 2023 gjeld mange av dei tilskotsordningane som er retta mot blant anna organisasjonar og stiftelsar der det er konkurranse om midla. Utvalde tilskotsordningar har også fått eit nytt og tilpassa søknadsskjema.  

Vi gjer endringa for å kunne gå gjennom søknadar, sende ut vedtaksbrev og utbetale tilskot så tidleg som mogleg. Les utlysingane med tilskotsregelverka for 2023.  

 

Tilskotsordningar med søknadsfrist 1. desember 2022 

 

Tilskotsordning med søknadsfrist 7. desember 2022 

 

Tilskotsordningar med uavklart søknadsfrist, der vi forventar å kunne utlyse før jul 2022

  • Driftstilskot til brukar- og pårørandearbeid innen rus, psykisk helse og valdsfeltet (over 0765.71) 
  • Frivillig informasjons- og kontaktskapande arbeid (over 0761.71). Denne nye tilskotsordninga erstattar dei to tidlegare ordningane Frivillig arbeid mv. og Informasjons- og veiledingsarbeid om nevrologiske skadar og sjukdomar.  
  • Ei ny tilskotsordning for informasjons-, rettleiings- og  støttetilbod til personar i krevjande livssituasjonar og deira pårørande som erstattar enkelte tidlegare øyremerka tilskotsordningar som er foreslått avvikla i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023 (over 0765.72)

Abonner på nytt eller oppdatert innhold