Seks av ti ungdommar drikk energidrikk kvar veke

Sliten jente som sitter ved en skolepult

Tre av ti ungdommer som drikker energidrikk oppgir å ha opplevd plager som hjertebank, hodepine, søvnproblemer, svimmelhet eller skjelving. Foto: Getty Images

Først publisert: 22.09.2026 Siste faglige endring: 22.09.2026

Ei ny nordisk undersøking blant om lag 5000 ungdommar viser at seks av ti drikk energidrikk kvar veke, medan meir enn éin av fem gjer det dagleg. Mange rapporterer samtidig om helseplager som hjartebank, søvnproblem og hovudverk.

– Dette viser eit altfor høgt forbruk av energidrikk blant unge og kan tyde på at mange ikkje er klare over helsekonsekvensane, eller at dei ikkje klarer å avgrense inntaket, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus.

Uheldig namn

I den nordiske undersøkinga rapporterer mange unge om helseplager etter inntak av energidrikk. Tre av ti som drikk energidrikk, melder at dei har  opplevd plager som hjartebank, hovudverk, søvnproblem, ørske eller skjelving. Undersøkinga viser også at enkelte opplever at dei blir trøytte eller irritable dersom dei ikkje får drukke energidrikk. 17 prosent seier at dei kjenner eit behov for energidrikk for å kome seg gjennom dagen.

– Å kalle det energidrikk gir inntrykk av at dette er noko kroppen treng. I realiteten er dette koffeinhaldig brus som mange får helseplager av, seier Lofthus og legg til:

– Det er tankevekkande at eit produkt som er knytt til så mange helseplager, er så lett tilgjengeleg.

I rapporten kjem det fram at smak er den viktigaste grunnen til at ungdom drikk energidrikk, men mange oppgir også at dei gjer det for å få meir energi eller for å halde seg vakne. Blant dei norske ungdommane er det ein større del som svarer at dei drikk energidrikk for å halde seg vakne enn i dei andre landa.

Ein tredel av unge som drikk energidrikk, ønsker å redusere forbruket. Dei vanlegaste grunnane til å redusere forbruket er omsyn til helsa, ønsket om å spare pengar og uro for tenner og søvn. Mange av ungdommane svarer at høgare prisar eller færre tilbodskampanjar er noko av det som kunne fått dei til å redusere forbruket.

Kvinne som sitter
Helsedirektør Cathrine M. Lofthus Foto: Dragana Njegic/ Helsedirektoratet

Regulering og aldersgrense

Undersøkinga er gjennomført få månader etter at Noreg innførte 16-årsgrense for kjøp av energidrikk. Sjølv om undersøkinga ikkje kan seie noko om effekten av den nye aldersgrensa, gir ho ny innsikt i energidrikkvanar blant ungdom i Norden.

Funna aktualiserer spørsmål om helsa til ungdom, marknadsføring av energidrikkar og om dagens reguleringar er tilstrekkelege for å verne barn og unge.

– Noreg har nyleg, som det første landet i Norden, innført 16-årsgrense for kjøp av energidrikk. Vi er også dei einaste som har ei forskrift som forbyr marknadsføring av slike drikkar til barn og unge. Denne undersøkinga gir viktig kunnskap om ungdom sin bruk av energidrikkar og vil inngå i dei løpande vurderingane av kva tiltak som er nødvendige framover. Ansvaret til helsestyresmaktene er å sørge for at ungdom og foreldre har god informasjon om risikoen med slik drikke. Vi skal også  vurdere tiltak for å verne barn og unge, påpeikar Lofthus.

Breiare diskusjon i Norden

Den nordiske undersøkinga teiknar eit bilete av eit produkt som er svært utbreidd blant ungdom. Samtidig  rapporterer mange om helseplager og eit forbruk dei sjølve ønsker å redusere. Funna aktualiserer spørsmål om korleis energidrikk blir marknadsført og gjort tilgjengeleg for unge, kva rolle pris og salstiltak spelar for forbruket, og kva regulering som best vernar barn og ungdom.

– Resultata vil danne eit viktig kunnskapsgrunnlag for ein breiare diskusjon i Norden om helsa til ungdom, kommersielle interesser og ansvaret styresmaktene har for å førebygge helseskadeleg forbruk, seier Lofthus.

Ei viktig oppgåve for Helsedirektoratet framover vil vere å styrke det førebyggande arbeidet, mellom anna gjennom informasjon, haldningsskapande arbeid og auka kunnskap om helsekonsekvensane av eit høgt forbruk av energidrikk. Vidare vil Helsedirektoratet også ønske ein diskusjon om energidrikk i skulemiljøet.

Fakta:

  • Undersøkinga er utført av byrået Origo Group på oppdrag frå det svenske Livsmedelsverket, og deltakarane vart inviterte frå vebbpanel.
  • Undersøkinga blei gjennomført i april og mai 2026.
  • Prosjektet er finansiert av Nordisk ministerråd og er eit samarbeid mellom representantar frå alle dei nordiske landa, der FHI og Helsedirektoratet deltek frå Noreg.
  • Alle resultata er vekta (for kjønn, alder og land) for å spegle den faktiske samansettinga av befolkninga av 15–19-åringar i Norden.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold

Til toppen