Retningsliner som støttar kommunane betre

To helsearbeidarar i kommunehelsetenesta ser på PC-skjermar med normerande produkt

Foto: Helsedirektoratet

Først publisert: 05.12.2025 Siste faglige endring: 05.12.2025

I samarbeidsprosjektet «Normerande produkt som betre støttar kommunane sitt arbeid» har KS og Helsedirektoratet undersøkt korleis dagens rettleiarar og retningsliner treffer kommunane.

Gjennom dialog med kommunar, fagmiljø, brukarorganisasjonar og tilsynsstyresmakter har prosjektet danna seg eit breitt bilete av behovet.

Omsdag 3. desember vart samarbeidsprosjektet avslutta, og sluttrapporten frå prosjektet tilrår to hovudtiltak som skal bidra til at vi utviklar rettleiarar og retningsliner som er betre tilpassa kommunane sitt arbeid:

  1. Vi skal etablere eit overordna råd som skal gje innspel når rettleiarar og retningsliner vert utvikla og reviderte. 

  2. KS og Helsedirektoratet er samde om å inngå ein ny samarbeidsavtale. Avtalen skal leggje til rette for tettare involvering i utviklinga av rettleiarar, samarbeid om implementering og jamlege møte mellom leiinga i dei to organisasjonane. 

Her kan du lese heile sluttrapporten for samarbeidsprosjektet med KS.

Lærerikt prosjekt

– Vi har lært mykje av dette samarbeidsprosjektet med KS, og vi er samde om at vi kan gjere det betre synleg i våre retningsliner og rettleiarar kva som er kommunane sitt handlingsrom når dei skal levere forsvarlege helsetenester, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet vil jobbe vidare internt med å forbetre korleis vi formidlar normeringa av helse- og omsorgstenester i kommunesektoren.

– Vi skal jobbe med å gjere det enklare for kommunane å finne fram til dei rette produkta og dei råda som gjeld for ulike tenesteområde i kommunane. Samstundes skal vi jobbe med å utvikle  retningsliner og rettleiarar slik at det er enklare for leiinga i kommunane å sjå kva som er deira handlingsrom når dei må gjere prioriteringar i tenestene, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.

Rapport om bruk av retningsliner i kommunane

Som del av kunnskapsinnhentinga i samarbeidsprosjektet engasjerte KS selskapet Rambøll til å undersøkje kommunane sin bruk og nytte av Helsedirektoratet sine retningsliner og rettleiarar. Rambølls rapport viste at helsetenestene i kommunane i stor grad er nøgde med våre rettleiarar og retningslinjer, og at dei forstår både graderingane av råda og språket i dei.

Det er likevel om lag halvparten av dei på kommunaldirektørnivå i kommunane som meiner det er for mange rettleiarar og retningsliner, og at dei er for detaljerte, slik at det kan vere vanskeleg å sjå kva som er kommunane sitt handlingsrom i prioriteringa av tenestene.

Her kan du lese heile rapporten frå Rambøll.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold