Rapport om e-konsultasjon og triage hos fastlege

Først publisert: 05.12.2019 Sist faglig oppdatert: 05.12.2019

Helsedirektoratet har i samarbeid med Direktoratet for e-helse gjort ei utgreiing om e-konsultasjon og triage hos fastlegane.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Rapporten frå Helsedirektoratet omfattar oppsummering av kunnskap, vurdering av behovet til ulike aktørar for triageringsverktøy og forslag til innretting og utprøving av eit triangeringsverktøy.

I rapporten frå Direktoratet for e-helse vert det vurdert kva løysingar som finst i marknaden, og korleis løysingar for triagering kan verte lagt til rette på helsenoreg.no.

Direktorata hatt regelmessig dialog med Legeforeninga, pasient- og brukarorganisasjonar og leverandørar i arbeidet med rapporten.

Det kjem fram i rapporten at det er lite kunnskap både internasjonalt og nasjonalt om bruk av verktøy for triage. På den bakgrunnen vert det foreslått å ha ein pilot på fleire fastlegekontor for å prøve ut verktøy for triagering.

Det vert lagt vekt på å ha ein innleiande konseptfase for å utforme ein prototype saman med fagmiljøet, før vi set i gang med pilotprosjekt.

Dei to direktorata tilrår at eit godt grunnlag for å vurdere eventuelle gevinstar og vidare utprøving vert evaluert av nokon som er utanforståande.

Les heile rapporten frå Helsedirektoratet

Les heile rapporten frå E-helsedirektoratet

Først publisert: 05.12.2019 Sist faglig oppdatert: 05.12.2019