Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Personskadar og ulukker 2021

Illustrasjonsbilde av brukket fot. Foto: Mostphotos

Illustrasjonsbilde av brukket fot. Foto: Mostphotos

Først publisert: 25.03.2022 Siste faglige endring: 25.03.2022

Tal som sjukehus og legevakter har rapportert til Norsk pasientregister viser at dei fleste personskadane i 2021 var resultat av ulukker. Ein fjerdedel av desse skjedde innandørs i ein bustad.

Både kvalitet og kor komplett datagrunnlaget er må verte vurdert når ein ser på tala i rapporten. I 2021 vart under halvparten av personskadane innrapporterte med detaljert informasjon og difor er det stor usikkerheit knytt til tala.

Dei fleste skadane som vart rapporterte var mindre alvorlege, men eldre menneskjer har meir alvorlege skadar enn yngre. Dei skadane ein påfører seg sjølv var meir alvorlege enn andre skadar. Born mellom 6 og 12 år har flest registrerte personskadar.

Flest innandørs i bustad

Ein fjerdedel av skadane skjedde innandørs i bustad, men det er også rapportert mange skadar som har skjedd på veg, gate, fortau, gang- og sykkelveg  i tillegg til på sports- og idrettsområde. I underkant av 8 prosent av skadane skjedde på arbeidsplassar og dei fleste av desse var innan bygg- og anleggsbransjen.

Datakvalitet

Norsk pasientregister har detaljert informasjon  om 41 prosent av alle skadar som vart behandla ved sjukehus og legevakt. I 2021 er det registrert 321 635 personskadar. For 130 540 av desse vart det rapportert inn detaljert informasjon. Slik informasjon inneheld detaljar om korleis skaden skjedde, for eksempel i ei ulukke eller skade ein har påført seg sjølv,  og om det var inne, ute eller på ein arbeidsplass. I tillegg finst det informasjon om skademekanisme, for eksempel fall eller påkøyrsle, samt kor alvorleg skaden var og under kva aktivitet skaden skjedde.

Personskadedata

Rapportering av detaljert informasjon om personskadar til Norsk pasientregister er obligatorisk for alle somatiske sjukehus og dei kommunale legevaktene i Oslo, Bergen og Trondheim. 24 av 26 einingar har rapportert data for 2021, men kor komplett datamaterialet  var varierte frå 4 til 100 prosent.

Skadelegevakta ved Oslo universitetssjukehus rapporterte komplette skadedata, mens rapporteringa frå dei andre hadde til dels store manglar. Kvaliteten på dataa varierer. Viktige element som skadedato, skadestad og skademekanisme er av god kvalitet, mens andre element har større manglar. For eksempel er det ikkje god nok kvalitet på registrering av type framkomstmiddel for 33 prosent av trafikkulukkene som er innrapporterte. Skal informasjonen bli brukt i skadeforebyggande arbeid, bør tala bli  behandla varsamt. I kapittel 3 i rapporten finst det meir informasjon om kvaliteten på personskadedata.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold