Overføring av finansieringsansvar for legemiddel

Glass med piller

Illustrasjonsfoto.

Først publisert: 15.12.2025 Siste faglige endring: 15.12.2025

Frå 1. januar 2026 får dei regionale helseføretaka ansvaret for finansiering av legemiddel ved langt framskriden Parkinsons sykdom og legemiddel til førebygging av alvorlege nedre luftvegsinfeksjonar årsaka av RS-virus hos barn.

Endringa er oppfølging av den politiske avgjerda om at ansvaret for finansiering av legemiddel som hovudregel skal følge ansvaret for behandlinga.

Med bakgrunn i ei offentleg høyring har Helsedirektoratet avgjort kva legemiddel som blir overført frå folketrygda (blåresept) og desse er lista i tabell 1.

Dette er endringane som gjeld frå 1. januar 2026

  • Dei regionale helseføretaka (RHF-ane) har ansvar for finansiering  og behandling med legemidla i lista under. Etter 1. januar vil det ikkje lenger være mogleg å rekvirere legemidla i tabell 1 på blåresept, gjennom bidragsordninga eller for yrkesskade.
  • Alle nye reseptar frå 1. januar 2026 på legemiddel i tabell 1 må vere rekvirert av ein sjukehuslege eller avtalespesialist med rett til å rekvirere helseføretaksfinansierte legemiddel brukt utanfor sjukehus (h-reseptlegemiddel). Pasientane må ikkje betale eigendel for legemiddel på h-resept.
  • Gyldige blåreseptar som er rekvirert før 1. januar 2026 er omfatta av ein overgangsordning. Pasientar som har slike blåreseptar kan framleis hente ut legemidla i apotek etter 1. januar 2026. Overgangsordninga gjeld sjølv om legen som rekvirerte før 1. januar ikkje vil ha rett til å rekvirere desse legemidla i den nye ordninga. Kostnaden for utlevering av desse reseptane vil bli dekka av RHF-ane og pasienten betaler ikkje eigendel.

Sjå meir informasjon om legemiddel som er finansiert av helseføretaka og brukt utanfor sjukehus (h-reseptlegemiddel).
 

Tabell 1. Legemiddel som blir overført til RHF-ene 1. januar 2026

Handelsnavn

Virkestoff

ATC-kode

Ved langt framskride Parkinsons sykdom

Duodopa

Levodopa komb

N04BA02

Intestinalgel til bruk ved uttalte symptom

Lecigon

Levodopa komb

N04BA03

Intestinalgel til bruk ved uttalte symptom

Alle

Foslevodopa komb

N04BA07

Subkutan infusjon via pumpe  ved uttalte symptom

Alle

Apomorfin

N04BC07

Infusjon/injeksjon til behandling av motoriske fluktuasjonar

    

Handelsnavn

Virkestoff

ATC-kode

Ved alvorlige nedre luftvegsinfeksjonar årsaka av RS-virus

Alle

Pavlizumab

J06BD01

Førebygging hos barn med stor risiko for alvorleg sjukdom

Alle

Nirsevimab

J06BD08

Førebygging hos barn med stor risiko for alvorleg sjukdom

Alle

Klesrovimab

J06BD10

Førebygging hos barn med stor risiko for alvorleg sjukdom

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold