Opptrappingsplanen for psykisk helse: Fleire lågterskeltilbod – men ikkje i alle kommunar

Person med ryggen til med penn og papir i hånda i samtale med jente i gul genser

Helsedirektoratet, dei regionale helseføretaka og Folkehelseinstituttet set i verk store delar av opptrappingsplanen på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Foto: Mostphotos

Først publisert: 09.06.2026 Siste faglige endring: 09.06.2026

Det er framleis ein veg å gå for å nå målsettinga om betre psykisk helse i heile befolkninga, men ein ny Sintef-rapport slår fast at Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033) allereie byrjar å gi resultat.

Nye lågterskeltilbod spreier seg i kommunane, og hjelpa når fram. Eit viktig mål er at innbyggarane i alle kommunar skal ha tilgang til eit kunnskapsbasert lågterskeltilbod innan psykisk helse i 2033.

Rapporten viser mellom anna at fleire tiltak retta mot barn og unge har nådd tenestene. Det gjeld særleg lågterskeltilbod for barn og unge, tilgang til vurderingssamtalar for avklaring av behov, styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta, og ungdomsgarantien som gir unge under 30 år rett til ein fast kontaktperson i NAV for å sikre individuelt tilpassa oppfølging.

–  Dette er gledelege resultat. Samstundes må eg understreke at vi berre er i starten av planperioden. Den første perioden er òg brukt til å levere fleire utgreiingar som legg grunnlaget for vidare tiltak, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus.

Tiårig satsing fram til 2033

Opptrappingsplan for psykisk helse er ei tiårig satsing fram til 2033 for å styrkje det helsefremjande og førebyggande psykiske helsearbeidet og betre det samla tenestetilbodet i Noreg. Målet er betre psykisk helse i befolkninga, reduserte sosiale skilnader og lett tilgjengeleg hjelp.

Mange kommunar er i ferd med å omstille tenestene i tråd med intensjonane i opptrappingsplanen. Dette gjeld særleg styrking av lågterskeltilbod. Også i spesialisthelsetenesta skjer det ei viss dreiing mot ambulante og fleksible behandlingstilbod, fleire døgnplassar og satsing på tryggingspsykiatri.

Forskarane i SINTEF, i samarbeid med NTNU, Akershus universitetssjukehus og London School of Economics, evaluerer opptrappingsplanen på oppdrag frå Helsedirektoratet. Føremålet med evalueringsprogrammet, og særleg årsrapportane, er å gi grunnlag for informerte retningsval og justeringar av gjennomføringa undervegs i planperioden.

– Stortinget har vedteke at planen skal midtvegsevaluerast i 2027, og dette skal igjen legge grunnlaget for ein eventuell oppdatert og forsterka opptrappingsplan, seier Lofthus.

Helsedirektoratet, dei regionale helseføretaka og Folkehelseinstituttet set i verk store delar av opptrappingsplanen på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Ei rekke tiltak ligg òg til andre sektorar, særleg tiltak som rettar seg mot innsatsområdet helsefremming og førebygging.

Rapporten peikar på at det framleis er mykje som står att før måla i planen er nådde:

  • Delen kommunar med lågterskeltilbod aukar, men lågterskelmodellen Rask psykisk helsehjelp er framleis lite utbreidd i små kommunar.
  • Ein stor del av tiltaka har enno ikkje nådd tenestene og målgruppene, sidan det er tidleg i planperioden.
  • Kjennskapen til opptrappingsplanen er låg ute i tenestene – særleg på lågare nivå. Det er betre kjennskap på leiarnivå, men forskarane meiner planen likevel blir lite brukt som styringsverktøy.

Når det gjeld kunnskapsbaserte lågterskeltilbod, understrekar Lofthus at Rask psykisk helsehjelp er ein omfattande modell, noko som kan vere årsaka til at han er lite utbreidd i mindre kommunar.

– Samstundes veit vi gjennom den årlege kartlegginga IS-24/8, som måler utviklinga i ressursinnsatsen i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid over tid, at mange kommunar riggar seg med alternative kunnskapsbaserte tilbod eller har tilgang til Rask psykisk helsehjelp gjennom interkommunalt samarbeid eller kjøp av tenester frå nabokommunar, seier Lofthus.

I rapporten kjem det òg fram at det er vanskeleg å følgje pengestraumen frå opptrappingsplanen, fordi delar har vore gitt som rammetilskot.

Både i evalueringa og IS-24/8 kjem det fram eit ynskje frå kommunane om meir øyremerking av tilskot til psykisk helse- og rustenester. Dei siste to åra har midlar frå opptrappingsplanen vore gitt i rammetilskota til kommunane. Frå 2026 kan kommunane søkje tilskot til konkrete aktivitetar, mellom anna til etablering av ACT-, FACT- og FACT Ung-team og til utvikling, etablering og tilpassing av kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rusmiddelfeltet.

– Det er fleire store område i planen vi arbeider aktivt med, som betre bu- og tenestetilbod til ROP-pasientar (personar med samtidige rusproblem og alvorlege psykiske lidingar), auka levealder for dei med psykiske helseutfordringar, utvikling av metoden «Ein veg inn» (eit felles psykisk helsemottak som sikrar pasientar rask og koordinert helsehjelp på rett nivå) og støtte til kommunane til vidareføring av kunnskapsbaserte lågterskeltilbod også etter tilskotsperioden. I tillegg blir det arbeidd med ei stor satsing på meir bruk av digitale verktøy.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold