Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Nye personellgrupper i autorisasjonsordninga for helsepersonell

Illustrasjonsbilde av ambulanse

Først publisert: 05.04.2022 Siste faglige endring: 05.04.2022

Artikkelen er 2 år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Autorisasjonsordninga for helsepersonell blir utvida med tre nye personellgrupper. Frå 1. mai 2022 kan paramedisinar, naprapat og osteopat søke Helsedirektoratet om autorisasjon og lisens.

Dersom du har utdanning innan ein av dei nemnde yrkesgruppene må du søke Helsedirektoratet om offentleg godkjenning for å kunne arbeide innan yrket og nytte tittel.

Det vil vere mogleg å sende søknad om autorisasjon og lisens frå 1. mai 2022.

Stortinget har òg vedtatt autorisasjon for manuellterapeut. Tidspunktet for når dette trer i kraft er førebels ikkje klart. Helsedirektoratet vil gje meir informasjon så snart dette er avklart. 

Paramedisinar

Dersom du har gjennomført utdanning som paramedisinar og allereie har autorisasjon som ambulansearbeidar, kan du søke om å endre registreringa di i helsepersonellregisteret. Dette inneber at den noverande autorisasjonen din som ambulansearbeidar blir endra til autorisasjon som paramedisinar. Den norske paramedisinarutdanninga er ein treårig bachelorgrad på høgskule eller universitet.

Naprapat

Det finst ikkje ei eiga utdanning som naprapat i Noreg. Vurderingsgrunnlaget i ein autorisasjonssøknad vil vere den svenske fireårige utdanninga ved Naprapathögskolan, følgd av eitt år praksis under rettleiing. Meir informasjon om innhald og krav til rettleidd praksis vil før 1. mai 2022 komme fram av Helsedirektoratets nettside.

Dersom du kan dokumentere fullført utdanning som naprapat og at du per 1. mai 2022 arbeider som naprapat i Noreg, kan du likevel søke om autorisasjon sjølv om du ikkje har gjennomført eittårig praksis under rettleiing. Dette gjeld berre dersom du søker om autorisasjon innan 1. mai 2023.

Osteopat

For osteopat vil vurderingsgrunnlaget i ein autorisasjonssøknad vere den norske fireårige osteopatiutdanninga ved Høgskulen Kristiania, som er samansett av treårig bachelorutdanning og eittårig vidareutdanning.

Bruk av beskytta tittel

Dersom du er paramedisinar, naprapat eller osteopat og ikkje søkar om autorisasjon og lisens innan 1. mai 2023, mistar du retten til å nytte tittel.

Meir informasjon om søknadsprosessen for dei ulike gruppene vil du finne i rettleiaren vår, Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold