Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny statistikk om assistert befrukting og lagring og donasjon av egg eller sæd

Dei siste tre åra har det vore ei auking i talet på barn som er fødde etter assistert befruktning utført i Noreg Illustrasjonsbilde: Mostphoto

Først publisert: 19.12.2022 Siste faglige endring: 19.12.2022

Dei siste tre åra har det vore ei auking i talet på barn som er fødde etter assistert befruktning utført i Noreg. I 2019 førte behandlingane til 2937 barn, det høgaste talet vi har registrert så langt.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Helsedirektoratet får rapportar om assistert befruktning frå alle verksemder i Noreg som har tilbod om slik behandling. Rapportane inneheld opplysningar både om behandlingar som er gjort og kor mange barn som er fødde, difor kjem rapportane frå 2018 først i 2020, og rapportane frå 2019 først i 2021 osb.

Det blei fødd fleire barn etter behandling med donorsæd i perioden 2018–2020  enn i perioden 2014–2017. Frå 2019 til 2020 var det ei sterk auking i talet på behandlingar med donorsæd, og det blei født 461 barn etter behandlingane utført i 2020, som er 134 fleire enn etter behandlingane i 2019. Einslege kvinner fekk tilgang til assistert befruktning frå juli 2020, og vi trur at dette har bidratt til aukinga.

Sjå statistikken om assistert befrukting oppdatert med tal frå 2018 til og med 2020.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold