Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny rapport om sosial forskjell i helse i Noreg

Elever og lærere rundt matboks

Eit av måla for folkehelsearbeidet i Noreg er å redusere dei sosiale forskjellane innan helse. Foto: Mostphotos

Først publisert: 10.03.2023 Siste faglige endring: 10.03.2023

Trass i høg og aukande levestandard har vi vedvarande  forskjellar i helse og i forhold som påverkar helsa. Dette kjem fram i ein ny rapport om sosiale forskjellar i helse i Noreg.  

Les heile rapporten her (pdf).

Eit tverrsektorielt ansvar 

-Eit av måla for folkehelsearbeidet i Noreg er å redusere dei sosiale forskjellane innan helse. Årsakene til sosiale forskjellar i helse er samansette. For å møte utfordringane treng vi innsats frå fleire sektorar, og forståing for at ulike sektorar kan spele ei stor rolle for befolkninga si helse, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.

I rapporten har ein sett på utviklinga sidan 2014. Det blir slått fast at det er vedvarande forskjellar i forventa levealder, helse og livskvalitet, anten ein måler etter utdanningsnivå, yrke eller inntekt. Det blir gitt fleire tilrådingar og tiltak som må til for å oppnå ei jamnare fordeling av helse og livskvalitet i befolkninga. 

-Rapporten peiker mellom anna på at heile samfunnet må bidra for at vi skal oppnå reduserte forskjellar, både nasjonale og lokale styresmakter, frivilligheit, næringsliv og økonomisk sektor. Tverrsektorielt ansvar og samarbeid er derfor noko av nøkkelen for å nå målet om ei jamnare fordeling og mindre sosial skilnad i helse, seier Granlund. 

Tidleg innsats 

Forskarane som har laga rapporten peiker på betydninga av innsats tidleg i livet og mot grunnleggjande levekår. Til dømes blir det trekt fram at det å gå i barnehage av høg kvalitet har ein gunstig innverknad på barn si utvikling og helse, spesielt for barn frå familiar med avgrensa utdanning og låg inntekt. Generelt gir dei råd om å rette innsatsen mot slike og andre strukturelle forhold som påverkar enkeltpersonars åtferd.  

Gir grunnlag for stortingsmelding om folkehelse 

Å arbeide for å redusere sosial skilnad i helse er eit av dei prioriterte områda for Helsedirektoratet i 2023. Denne rapporten er grunnlag for den kommande stortingsmeldinga om folkehelse som blir lagt fram av regjeringa i vår.  

-Det blir interessant å sjå kva føringar meldinga gir for det vidare arbeidet med å redusere sosial forskjell i helse. Helsedirektoratet si rolle er mellom anna å sette i verk nasjonal politikk på folkehelseområdet, som omfattar utjamning av sosiale helseforskjellar. Vi skal også gi råd og rettleiing om strategiar og tiltak. Rapporten vil vere nyttig for oss i dette arbeidetavsluttar Granlund. 

Ekspertmiljøet ved The University College London, Institute of Health Equity med professor Michael Marmot i spissen har i samarbeid med NTNU utarbeidd rapporten. Marmot har i mange år vore leiande  på fagområdet, og har tidligare leia likanende utgreiingar for Verdas helseorganisasjon, EU og andre land. 

Les meir på nettsidene til Helse- og omsorgsdepartementet

Abonner på nytt eller oppdatert innhold