Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny direktør i Helfo

bilde av mann

Øistein Brinck. Foto: Lars Brinck.

Først publisert: 28.06.2023 Siste faglige endring: 28.06.2023

Øistein Brinck er tilsett i stillinga som ny direktør i Helfo.

Artikkelen er 303 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Øistein Brinck (47) kjem frå stillinga som prosjektleiar for delinga av Vestfold og Telemark fylkeskommune. Denne stillinga har han hatt sidan mars 2022. Forut for dette var han direktør i Vestfold og Telemark fylkeskommune.  

– Dette er ei leiarstilling for ein av dei viktigaste institusjonane til forvaltninga. Helfo er ein organisasjon som mange av oss er i kontakt med om alt frå fastlegebyte til frikort. Eg er derfor veldig glad for at vi enda ein gong har fått ein høgt kvalifisert og god leiar i denne jobben, seier Olav Valen Slåttebrekk, assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet.  

Ser fram til å byrje i stillinga

Brinck tiltrer i stillinga hos Helfo 1. februar 2024.   

– Eg ser veldig fram til å starte i Helfo. Årsaka til at eg søkte på nettopp denne stillinga er det viktige samfunnsoppdraget Helfo har overfor helseaktørar og innbyggjarar. Det å få høvet til å forvalte ein av dei absolutt viktigaste berebjelkane i samfunnet vårt, altså folketrygda, og bidra til å vidareutvikle Helfos tenester, motiverer meg stort, seier Brinck.

Brinck har lang erfaring frå leiarstillingar i statlege og kommunale verksemder. Dette inkluderer Porsgrunn kommune, Kongsberg kommune og Drammen kommune, Forsvaret og NAV. 

Om Helfo

Helfo er Helsedirektoratets ytre etat og forvaltar årleg om lag 42 milliardar kroner. Dette omfattar oppgjer frå folketrygda til behandlarar, leverandørar og tenesteytarar, og individuell refusjon av utgifter privatpersonar har til mellom anna legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold