Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Meir effektiv behandling til personar med multippel sklerose

Kvinne snakker med kvinnelig lege

Foto: Mostphotos

Først publisert: 22.06.2023 Siste faglige endring: 22.06.2023

Stadig fleire personar med multippel sklerose får høgeffektiv sjukdomsmodulerande legemiddelbehandling. Tannhelsa til 18-åringer vert betre. For få eldre vert vurdert for risiko for underernæring, både blant eldre som bur heime og i sjukeheim.

Artikkelen er 309 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette er nokre av resultata frå dei nasjonale kvalitetsindikatorane som vert publisert i dag. 

Mange pasientar med multippel sklerose får høgeffektiv legemiddelbehandling

Nasjonal fagleg retningslinje for behandling av multippel sklerose (MS) tilrår at det ikkje bør gå meir enn 21 dagar frå diagnose er fastsett til oppstart av behandling. Høgeffektiv sjukdomsmodulerande legemiddelbehandling er anbefalt behandling. Helsedirektoratet etablerte i 2022, i samarbeid med MS-registeret, to nasjonale kvalitetsindikatorar for å måle i kva grad retningslinja blir fulgt.

Resultata for 2022 viser ei positiv utvikling for begge indikatorane.

På nasjonalt nivå har andelen som starta behandling innan tre veker etter diagnose, auka frå 45 prosent i 2021 til 53 prosent i 2022. Grensa for særleg god måloppnåing er sett til 75 prosent, og god måloppnåing er mellom 60-75 prosent.

Andelen av dei med nyleg MS-diagnose som mottek høgeffektivt sjukdomsmodulerande behandling som den fyrste MS-behandlinga, var på 96 prosent i 2022. Det er ei auke frå 88 prosent i 2021. Variasjonane mellom helseregionane og mellom dei ulike helseføretaka som har vore observerte dei seinare åra er redusert. For denne indikatoren er grensa for svært god måloppnåing sett til 70 prosent.

- Det er bra at fleire pasientar får behandling kort tid etter at MS-diagnose er stilt, og at mange får høgeffektiv legemiddelbehandling for sjukdommen sin. Det kan bidra til å gjere sjukdomsforløpet lettare, og gi pasientane betre livskvalitet. God måloppnåing på kort tid på desse kvalitetsindikatorane viser at helsetenesta har stor merksemd på MS-pasientane og deira behov, og at de faglege prioriteringane verker slik dei skal, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

18-åringar har betre tannhelse

Andelen 18-åringar som har vore hjå tannlegen siste år utan karies held fram med å stige. Samstundes er det ein nedgang i andelen 18-åringar med karies i ni eller fleire tenner i perioden 2015 til 2022. Andelane for 5- og 12- åringar er stabile i same periode.

Vurdering av risiko for underernæring blant eldre

Omkring halvparten av bebuarane på sjukeheim i alderen 67 år og eldre vart vurderte for risiko for underernæring i 2022. Det har vore ein svak auke over tid nasjonalt, bortsett frå ein liten nedgang i 2020. For eldre som mottek helsetenester i heimen var andelen vesentleg lågare. Berre om lag 20 prosent av tenestemottakarane i denne gruppa vart vurdert for risiko for underernæring i 2022. Her har det og vore ein lita auke frå året før. Sjølv om utviklinga har vore positiv for begge gruppene, er ein framleis eit godt stykke unna målet om at alle eldre tenestemottakarar skal vurderast i løpet av eitt år.

Kvalitetsindikatoren måler også kor stor andel av dei som er vurdert som har risiko for underernæring.  Risiko for underernæring er ikkje er det same som å vere underernært. Dei som er i risiko skal verte kartlagt vidare for å finne ut årsaker til risiko som grunnlag for tilpassa tiltak. Tal for 2022 viser ein noko lågare andel som har risiko for underernæring av dei som er vurdert, både blant dei som bur i sjukeheimar og brukarar av heimetenester. 

Frå og med mars 2022 vart det anbefalt å bruka "Malnutrition Screening Tool" som eit felles verktøy for å vurdera risiko for underernæring i helse- og omsorgstenesta. Verktøyet blir tilrådd i mellom anna Australia og USA. Verktøyet er enkelt og raskt å bruka, og kan bidra til at fleire blir vurderte for risiko for underernæring på sikt framover i tid.

- Oppfølging av underernæring blant eldre er ei viktig oppgåve i helse- og omsorgstenestene, og det er flott at utviklinga går i riktig retning. Samstundes er det altfor mange eldre som ikkje får oppfølginga dei har krav på, jamvel om det har kome fleire årsverk i dei kommunale helse- og omsorgstenestene dei seinare åra, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold