Leiarar i helse- og omsorgstenestene i kommunane har endra praksis etter utdanninga

Ei ny evaluering av nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta viser at leiarar som har deltatt i utdanninga kjenner seg tryggare i leiarrolla.

Omgjevnadene til leiarane opplever positive endringar i leiarrolla, til dømes at leiarane gir tilsette meir ansvar og større fridom til å arbeide med endringar i tenesta. Likeins opplever leiarane at dei har fått større medvit om å leggje til rette for meir brukarmedverknad i tenestene.  

Helsedirektoratet har i samarbeid med KS lagt til rette for å styrke leiarkompetansen i kommunale helse- og omsorgstenester og i fylkeskommunale tannhelsetenester. Tilbodet er eit sentralt tiltak i Kompetanseløft 2020, regjeringa si satsing på rekruttering, kompetanseheving og fagutvikling av kommunale helse- og omsorgstenester. Handelshøyskolen BI fekk oppdraget med å gjennomføre den nasjonale leiarutdanninga for primærhelsetenesta som Rambøll Management Consulting har evaluert.

Rapporten kan lastast ned her

Over tusen leiarar vil i løpet av perioden fram til 2021 ha gjennomført nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta. Frå hausten 2020 vil det bli gitt tilbod om 216 nye studieplassar fordelt på ein klasse ved BI Stavanger og tre klassar ved BI Oslo. Søknadsfristen er 15. april. Lekkje til BI finn de på Kompetanseløft 2020-sida.

- Det er gledeleg å merke seg at leiarar som har teke denne utdanninga, kjenner seg modigare til å gjennomføre endringar og utvikling i organisasjonen, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

- Primærhelsetenesta står overfor store utfordringar med mellom anna overføring av store oppgåver frå spesialisthelsetenesta til kommunale helse- og omsorgstenester, fleire eldre innbyggjarar og mindre tilgang på helsepersonell i åra som kjem. Det er nødvendig å tenkje nytt om korleis tenestene skal nå ut til dei som treng det mest, seier Guldvog.

Regjeringa har vedteke at nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta skal vidareførast i eit nytt kompetanseløft for dei kommunale helse- og omsorgstenestene frå 2021.

Først publisert: 06.02.2020 Sist faglig oppdatert: 06.02.2020