Kommunalt psykisk helse- og rusarbeid i 2019

Færre kommunar brukar dei auka midla dei har fått gjennom opptrappingsplan for rusfeltet til føremålet. Samtidig er det færre kommunar som seier at opptrappingsplanen har direkte konsekvensar for det rusarbeidet dei gjer.

Det kjem fram av rapporten IS-24/8 – kommunalt psykisk helse- og rusarbeid som er utarbeidd av SINTEF på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Av rapporten går det også fram at veksten i talet på årsverk innan rusfeltet er svakare frå 2018 til 2019, enn det var frå 2017 til 2018. Totalt er det rapportert 251 nye årsverk frå 2018 til 2019 som følgje av opptrappingsplanen, medan det vart rapportert 501 nye årsverk året før.

Når det gjeld pakkeforløp for psykisk helse- og rusfeltet, hadde meir enn halvparten av kommunane (55 prosent) i vår fått på plass ein forløpskoordinator for pakkeforløpa, og mange kommunar rapporterte at dei jobba vidare med dette utover i 2019.

Det står framleis att  ein del oppdateringar av samarbeidsavtalane med spesialisthelsetenesta i samband med innføring av pakkeforløp, og færre enn 30 prosent av kommunane hadde dette på plass våren 2019. Kommunane må også utarbeide informasjon om pakkeforløpa retta mot publikum på eigne nettsider, og det var berre 22 prosent av kommunane som hadde dette på plass våren 2019.

Rapporten peikar også på at det er behov for auka fokus på eldre med psykiske helseutfordringar eller rusmiddelproblematikk i kommunane i åra framover. Dette dreier seg om brukargrupper som truleg både er underdiagnostiserte og underbehandla.

Les heile rapporten om kommunalt psykisk helse- og rusarbeid i 2019

Først publisert: 06.12.2019 Sist faglig oppdatert: 06.12.2019