Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Hugs å ta med Europeisk helsetrygdkort på reisa

Tar opp kort fram lommebok

Europeisk helsetrygdkort . Foto: Helfo

Først publisert: 15.06.2023 Siste faglige endring: 15.06.2023

Om du treng legehjelp på ferie i eit anna EØS-land eller Sveits, kan eit Europeisk helsetrygdkort hjelpe deg når ulykke eller sjukdom råker. Du må berre passe på å ha kortet med i bagasjen.

Artikkelen er 261 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

–  Om du må oppsøke offentleg lege eller offentleg sjukehus når du er på reise i EØS eller Sveits, kan helsetrygdkortet sikre deg helsehjelp, slik at du kan halde fram med ferien. Ved å vise kortet skal du få nødvendig helsehjelp på same vilkår som innbyggarane i det lander du er  i. Du betalar også eigendel på lik line med borgarane der, seier avdelingsdirektør Marit Winther Abrahamsen ved Helfo servicesenter. 

Sjekk utløpsdato 

Er du medlem i folketrygden i Noreg og statsborgar anten her eller i eit anna EØS-land, har du rett til å få Europeisk helsetrygdkort. Du søker enkelt om å få kortet på helsenoreg.no. Der finn du også nyttig informasjon om bruk av helsetrygdkortet.  

– Vi oppmodar folk til å sjekke kortet sitt, for det er unødvendig å bestille nytt før det gamle er i ferd med å gå ut på dato. Leveringstid for eit nytt helsetrygdkort er normalt 10 verkedager, seier avdelingsdirektøren. 

Helsetrygdkortet varar opp til tre år frå det er skriven ut. Datoen det utløper finn du på sjølve kortet. 

Ho minnar om at det er viktig å ta med kortet i bagasjen når du skal ut og reise. 

Ta kortet med på tur 

– Det er ein stor fordel å ha med sjølve kortet og kunne vise det om du treng helsehjelp hos ein behandlar eller på eit sjukehus knytt til det offentlege helsevesenet i det landet du er i. Så hugs å legge kortet i lommeboka eller ein annan egna stad når du pakkar bagasjen, seier Marit Winther Abrahamsen.  
 
Om du likevel ikkje har kortet tilgjengeleg når du treng det, kan du ringe +47 23 32 70 00. Då kan Helfo eventuelt skrive ut ein hasteblankett til det offentlege sjukehuset eller legesenteret du er på. 

Telefonen er open på kvardagar frå kl. 08.00 til 15.30.  

Ikkje gløym reiseforsikring 

– Helsetrygdkortet er nyttig om du treng helsehjelp, men vi oppmodar alle til likevel å ha ein privat reiseforsikring når dei skal ut og reise. Kortet dekker ikkje behandling på privat sjukehus eller hos privat lege. Det dekker heller ikkje heimtransport, understreker Winther Abrahamsen. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold