Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

HPV-test - nå også for kvinner under 34 år

Om lag 300 kvinner blir ramma av livmorhalskreft i Noreg kvart år. Foto: Mostphotos

Først publisert: 19.12.2022 Sist faglig oppdatert: 19.12.2022

Alle kvinner frå 25 år og oppover skal frå 2023 få tilbod om HPV-test når dei deltek i det nasjonale screeningsprogrammet mot livmorhalskreft (Livmorhalsprogrammet).

Artikkelen er 48 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette er vedteke i styringsgruppa for dei nasjonale kreftscreeningsprogramma, som livmorhalsprogrammet inngår i. 

Endringa inneber at ein går frå celleprøve (cytologisk vurdering av livmorhalsprøven) kvart tredje år, til HPV-test kvart femte år for kvinnene i alderen 25-33 år. 

- I dei siste åra har det vore ein aukande førekomst av livmorhalskreft i Noreg, særleg blant yngre uvaksinerte kvinner. Innføring av HPV-screening til kvinner frå 25 årsalderen kan redusere talet på krefttilfelle i aldersgruppa 25-33 år med opp til 44 tilfelle av dei rundt 50-70 tilfella vi har i denne aldersgruppa per år, seier Torunn Janbu, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet. 

Livmorhalskreft kjem av Humant Papillomavirus (HPV). HPV er eit svært vanleg virus som smittar ved intim kontakt. 

For kvinner frå 34 år og eldre har det frå 2015 vore ein gradvis overgang frå å sjekke livmorhalsprøven ved å sjå på cellene i mikroskop til å teste for HPV.  
Frå 2022 har alle kvinner mellom 34-69 år fått HPV-test når dei har tatt livmorhalsprøve.  

Kvinner i aldersgruppa 25-33 år har til nå fått livmorhalsprøven analysert i mikroskop (cytologisk vurdering). 

Kvifor blir HPV-test også tilbydd dei yngste kvinnene? 

Ein HPV-test er meir sensitiv for å oppdage ein HPV-infeksjon samanlikna med det ein cytologisk vurdering er til å oppdage celleforandring, og ein kan enklare oppdage forstadium til livmorhalskreft.  Ein HPV-test fangar dermed opp kvinner som treng vidare oppfølging og eventuell behandling tidligare. 

- Derfor har HPV-screening eit større potensiale til å førebygge endå fleire forstadium til og tilfelle av livmorhalskreft, samt redusere dødelegheita av sjukdommen, seier Janbu. 

Ønsker å unngå overbehandling 

Grunnen til at HPV-test ikkje har vore eit tilbod til unge kvinner tidlegare, er den høge HPV-førekomsten i denne aldersgruppa, som kan føre til overbehandling. 

For å unngå overbehandling ved innføring av HPV-testing til dei yngste kvinnene, blir det nå innført målretta tiltak, slik som til dømes eit betre tilpassa oppfølgingsløp. HPV-vaksinen, som blir gitt til jenter i barnevaksinasjonsprogrammet, vil også redusere antal kvinner som blir overbehandla. 

Kan utrydde livmorhalskreft 

Om lag 300 kvinner blir  ramma av livmorhalskreft i Noreg kvart år. I underkant av 90 kvinner døyr av sjukdommen årleg. Livmorhalskreft kan bli nedkjempa ved hjelp av tre effektive tiltak: 

  • HPV-vaksinasjon som blir tilbydd alle norske jenter og gutar som del av Barnevaksinasjonsprogrammet. 

  • Deltaking i screening (Livmorhalsprogrammet). 

  • Behandling av oppdaga forstadium til livmorhalskreft. 

Med dei tre tiltaka, saman med god etterleving av tilrådingar, kan livmorhalskreft bli utrydda i Noreg innan 2039. Ved å tilby HPV-testing også til dei yngste kvinnene, kan ein framskunde dette med fleire år. 

Les meir: 

Primær HPV-test - nå også for kvinner under 34 år (kreftregisteret.no)

Nasjonal styringsgruppe for kreftscreeningprogram - Helsedirektoratet

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold