Analysane tek utgangspunkt i moglege løysingar for gjennomføring av lungekreftscreening i den norske helsetenesta. Oslo Economics har no levert rapporten med helseøkonomiske analysar, inkludert budsjettkonsekvensar og personellbehov.
Les rapporten frå Oslo Economics
– No skal vi sjå nærare på rapporten og arbeide vidare med utgreiinga før vi leverer ei endeleg tilråding til Helse- og omsorgsdepartementet før nyttår, seier fungerande divisjonsdirektør Marius Kurås Skram.
Høyringsrunde til hausten
Vurderinga av om det bør innførast eit nytt nasjonalt helsetilbod, krev grundig utgreiingsarbeid og ei avveging av fordelar og ulemper.
Til hausten vil ei førebels tilråding frå Helsedirektoratet verte lagd ut på høyring, slik at alle aktuelle interessentar kan kome med innspel. Desse høyringsinnspela vil verte gjennomgåtte og vurderte før vi sender ei endeleg tilråding til Helse- og omsorgsdepartementet i desember.