Frå nyttår blir det forbode å handle tobakk og nikotinprodukt på nett frå utlandet

Bilde av en hånd som holder en gammel mobiltelefon.

Helsedirektoratet er no ute med ein kampanje på Snapchat, Instagram og Facebook for å informere om den nye regelendringa som gjeld frå 1. januar 2026.

Først publisert: 09.12.2025 Siste faglige endring: 09.12.2025

Frå 1. januar blir det ikkje lenger lov for privatpersonar å bestille røyk, snus, vape og andre tobakksvarer frå utlandet. Reglane gjeld for netthandel og andre måtar du kan bestille frå utlandet på, som via telefon eller brev.

– Føremålet med dei nye reglane er å hindre at ulovlege tobakk- og nikotinvarer kjem inn på det norske marknaden, og å verne barn og unge si helse, seier avdelingsdirektør Erlend Bø i Helsedirektoratet.

– Vi veit at tilgjengelegheit er ein viktig faktor for om unge byrjar med røyk, snus og vape. Slike produkt har vore enkle å skaffe frå utlandet via nett, ofte marknadsført ulovleg i sosiale medium. Produkta har ofte ein lågare pris, og dei utanlandske aktørane har ikkje sikra god nok alderskontroll ved sal, seier Bø.

Reglane som trer i kraft 1. januar 2026, gjeld for alle varer som kryssar grensa etter dette. Det betyr at du kan miste varer du har bestilt, sjølv om du gjorde bestillinga i år. Det er framleis lov å ta med seg tobakk frå utlandet når du har vore på reise, så lenge du held deg innanfor kvoten.

Helsedirektoratet er no ute med ein kampanje på Snapchat, Instagram og Facebook for å informere om den nye regelendringa som gjeld frå 1. januar 2026.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold