Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Frå grøn resept til taksten Livsstilsintervensjon

Fastlegane kan vise til friskliivssentralar. Illustrasjon: Inger M. Skarpaas/Helsedirektoratet

Først publisert: 20.10.2022 Siste faglige endring: 20.10.2022

Dei tidlegare takstane grøn resept og røyketakst har vorte slått saman til ein takst som har fått namnet Livsstilsintervensjon. Taksten kan no bli brukt i tillegg til medikamentell behandling, og ikkje berre som eit alternativ til dette.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

– Det betyr at fastlegane no kan nytta taksten i langt fleire konsultasjonar enn slik det var før denne endringa. Denne endringa er spesielt positiv, å endra levevanar er like viktig for dei som får medikamentell behandling, og gjer eit ytterlegare incentiv til å legga vekt på  dette i førebygging og behandling, seier fungerande avdelingsdirektør May Cecilie Lossius i Helsedirektoratet.

Kan visa til frisklivssentral

– Fastlegane skal tilby tiltak, men det betyr ikkje at alle tiltaka må bli utført av fastlegen. Slike tiltak kan vera å visa til ein frisklivssentral kor pasienten kan få rettleiing og oppfølging i endring av levevanar og meistra helseutfordringar. Frisklivssentralar er no etablert  i om lag 65% av kommunane, og 86% av befolkninga er busett i kommunar med frisklivssentral, avsluttar Lossius.

Om den nye taksten

Grøn resept-taksten, takst 101 er slått saman med takst 102 – røyketakst - og har endra namn til Livsstilsintervensjon. Den nye taksten 101 har fått følgjande tekst:

«Individuell, strukturert rettleiing ved tidleg intervensjon relatert til kosthald, røykeavvenning og/eller fysisk aktivitet for pasientar med, eller med risiko for hjarte- og karsjukdom, diabetes 2 eller fedme.»

Taksten bygger på undersøking av helsetilstanden til pasienten og omfattar kartlegging av risikobilde.

Det er ein føresetnad at legen følgjer Helsedirektoratet sine gjeldande råd og oppmodingar, og at det blir utarbeidd ein behandlingsplan som eit alternativ, eller i tillegg til medikamentell behandling, med eit individuelt tilpassa opplegg for kosthald, røykeavvenning og/eller fysisk aktivitet og ein plan for oppfølginga til pasienten.

Taksten kan nyttast uavhengig av om pasienten står på medikamentell behandling for aktuell diagnose. Dette er i tråd med oppmodingar i dei nasjonale faglege retningslinjene for dei respektive diagnosane. Taksten kan bli brukt inntil 3 gonger for kvar pasient per kalenderår. Den kan ikkje brukt på legevakt.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold