Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Endringar i karantenereglar for menn som har sex med menn

Mann som gir blod.

Den smittevernfaglege vurderinga til FHI tilseier at ein, under gitte føresetnader, kan opna for at menn som har sex med menn i stabile og monogame parforhold kan bli blodgjevarar (Foto: MostPhotos).

Først publisert: 20.06.2023 Siste faglige endring: 20.06.2023

Karantenereglane for blodgjeving skal sikre eit høgt vernenivå for blodmottakarar. No blir det opna for at menn som lever i eit stabilt og monogamt parforhold med ein annan mann, kan bli blodgjevarar på lik line med heteroseksuelle.

Artikkelen er 311 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Den smittevernfaglege vurderinga til FHI tilseier at ein, under gitte føresetnader, kan opna for at menn som har sex med menn i stabile og monogame parforhold kan bli blodgjevarar.

Med det testregimet vi har i dag og seks månaders karantenetid frå siste nye eller tilfeldige sexkontakt, vil dette framleis gje nødvendig tryggleik for mottakarar av blodprodukt.

- Dette er ei gledeleg nyheit. Den aktuelle endringa vil i praksis innebera at menn som har sex med menn (MSM) og heteroseksuelle blir vurderte på lik line, med ei karantenetid på seks månader frå siste nye eller tilfeldige seksualpartnar. Dermed vil MSM som lever i stabile monogame parforhold kunne vere blodgjevarar, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Helsedirektoratet jobbar for at endringane kan bli innførte innan utgangen av året.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold