Digitale helsetenester var ute av drift på grunn av straumbrot

Først publisert: 16.06.2026 Siste faglige endring: 16.06.2026

Eit straumbrot har gjort at fleire av dei sentrale digitale helsetenestene har vore ute av drift.

Straumbrotet har mellom anne råka innlogga tenester på helsnoreg.no, Reseptformidlaren og Kjernejournal.  

Straumen er attende som normalt og det blir no jobba med å få alle systema som har vore påverka i drift igjen.

Reseptformidlaren har vore ute av drift, men er no oppe som normalt igjen.

Når Reseptformidlaren er ute av drift vil det vere vanskeleg å hente reseptar på apotek, og det vil heller ikkje vere mogleg for legar å skrive ut nye resptar digitalt. Apoteka kan naudekspedere viktige legemiddel.

Kjernejournalen har framleis redusert drift. 

Tidlegare i hendinga har det ikkje vore tilgang logge seg på helsenoreg-tenester som bestilling av legetime, lese meldingar og bytte fastlege. Desse tenestene er no i normal drift.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold