Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Den nasjonale informasjonstelefonen om korona blir avvikla

Først publisert: 26.08.2022 Sist faglig oppdatert: 26.08.2022

Helsedirektoratet har avgjort å avvikle den nasjonale informasjonstelefonen om korona. Siste operative dag blir i dag, fredag 26. august 2022.

Hovudkanalen for informasjon om korona til befolkninga er helsenorge.no

Bakgrunn for avviklinga 

Informasjonstelefonen om korona har sidan februar 2020 blitt drifta av Helfo, etter at Helsedirektoratet avgjorde å opprette ein krisetelefon som skulle svare på det store informasjonsbehovet i befolkninga. Sidan då har telefontenesta svart over 600.000 innringarar. 

Drifta blir avvikla fordi informasjonstelefonen er ei telefonteneste som skal brukast når det er krise og stort informasjonsbehov i befolkninga. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold