Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Born som ikkje møter på helsestasjon

Barn som får hjelp

Foto: jojostudio.no

Først publisert: 08.06.2023 Siste faglige endring: 08.06.2023

– Alle born og unge har rett på tilbod på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. No er retningslinja oppdatert slik at det vert lettare for kommunane å oppdage dei som til dømes flyttar til kommunen på grunn av familiegjenforeining eller arbeidsinnvandring, seier Ellen Margrethe Carlsen, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Artikkelen er 294 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Oppdatert anbefaling 

Anbefalinga i retningslinja seier at helsestasjonen bør ha rutinar for å følge opp foreldre og born som: 

  • Ikkje møter til avtalte helsekonsultasjonar 
  • Avbestiller eller endrar avtalte timar gjentatte gonger 

Det nye punktet er at helsestasjonen bør ha rutinar for å sikre oppdatert oversikt over born under skuealder som bur i kommunen. 

Ein rapport frå 2020 viser at dei fleste familiar møter på helsestasjonen. Dei borna som ikkje helsetenesta i kommunane veit om, er viktig å oppdage slik at dei også får eit tilbod, avsluttar Carlsen.  

Kva skal kommunen gjere 

Kommunen skaffar seg oversikt ved å gjere ein regelmessig kontroll i journalsystemet opp mot personregisteret, gjennom Norsk helsenett (NHN). Her er det blant anna opplysningar om dei som flyttar til og nyfødde i kommunen.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold