Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ber kommunane om å dele ut hurtigtestar

Bilde av en positiv koronatest.

Først publisert: 21.12.2022 Siste faglige endring: 21.12.2022

Helsedirektoratet ber kommunane sørge for at innbyggarane får tilgang på gratis sjølvtestar for covid-19. – Samtidig tilrår Helsedirektoratet at personar med høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom ved covid- 19 får tilbod om behandling med legemiddelet Paxlovid, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Det er for tida mykje smitte i samfunnet, og det er ikkje lett å vite om det dreier seg om forkjøling, influensa eller covid-19. Ein hurtigtest er derfor viktig for å fastslå om det dreier seg om covid-19 og ei eventuell behandling med Paxlovid. 

- Paxlovid er effektivt for å bremse koronasjukdom hos pasientar. Det gjeld først og fremst for personar over 65 år med alvorlege underliggjande sjukdommar, og då er det viktig at dei får tilgang på denne behandlinga så tidleg som mogleg, seier Nakstad.

Lite bruk av Paxlovid

I går kom det tal frå apoteka som viser at førebels har berre nokre få pasientar fått skrive ut dette legemiddelet.

Det kan komma av at Paxlovid interagerer med ei rekkje andre legemiddel. Det betyr at det er mange i målgruppa som ikkje kan bruke Paxlovid.

- Samtidig trur me det er ganske mange som kan ha nytte av dette legemiddelet. For at Paxlovid skal fungere godt, er det viktig at behandlinga startar tidleg, seier Nakstad. 

Smittevernrådet om å halde deg heime når du er sjuk, er ikkje endra, sjå Koronavirus -Helsenorge

Abonner på nytt eller oppdatert innhold