Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Auke i talet på habiliteringspasientar i spesialisthelsetenesta

Helsepersonell i samtale med pasient

Helsepersonell i samtale med pasient

Først publisert: 13.09.2023 Siste faglige endring: 13.09.2023

Talet på habiliteringspasientar i spesialisthelsetenesta har auka med 4440 pasientar frå 2018 til 2022. I 2022 fekk omtrent 36 500 pasientar habilitering, og i overkant av halvparten var under 18 år.

Artikkelen er 165 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Evaluering av opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering (2017-2019) viser at opptrappingsplanen i lita grad har «treft» habiliteringsfeltet. Riksrevisjonsrapporten om undersøking av helse- og omsorgstenester til barn med funksjonsnedsetjingar frå 2021 fann også store geografiske variasjonar i tenestetilbodet til barn og unge med funksjonsnedsetjingar i spesialisthelsetenesta.

- Det er ønskeleg med betre data og statistikk innan fagområdet habilitering som grunnlag for analyse og for å følge med på tenestetilbodet til målgruppa. Det er svakt kunnskapsgrunnlag om tilgjengelegheit, volum, geografiske variasjonar i omfang og samansetning av aktiviteten på fagområda, seier fungerande divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Helga Katharina Haug.

"Forsvunne" pasientar

Pasientgruppa som det handlar om er barn, unge og vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar, med fokus på psykisk utviklingshemming, autismespekterdiagnosar og cerebral parese. Dette er pasientgrupper som ofte har stort behov for koordinerte tenester på tvers av nivå og sektorar.

-  Habiliteringstilbodet til desse pasientane har ofte "forsvunne" i helsestatistikkar tidlegare, men her har vi brukt meir djuptgåande analysar for å få fram tilbodet som dei får. Vi trur denne statistikken vil vera eit viktig bidrag til å klargjera og betre tenestetilbodet til desse pasientane, seier Helga Katharina Haug.

Auke i habiliteringspasientar

I 2022 fekk ca. 36 500 pasientar habilitering i spesialisthelsetenesta, og i overkant av halvparten var under 18 år. Det har vore ein auke i talet på habiliteringspasientar sidan 2018, med totalt 4 440 fleire pasientar i 2022.

Autismespekterforstyrring var hovuddiagnose ved nesten halvparten av kontaktane blant pasientane under 18 år. Det var ein særleg auke i talet på mottakarar per innbyggjar av autismerelatert behandling gjennom femårsperioden, og sterkast vekst i aldersgruppa 0-5 år.

Gjennom heile perioden frå 2018 til 2022 var talet på habiliteringspasientar per innbyggjar høgast i region Midt-Noreg og lågast i region Vest. Dette gjaldt både for vaksne og barn. Ulik organisering og koding gjer det likevel krevjande å undersøke geografisk variasjon i tenestetilbodet hos pasientar med habiliteringsbehov, og metodiske val vil innverka på observerte forskjellar. Resultata i denne statistikken viser mindre geografisk variasjon enn tidlegare rapportert i Riksrevisjonens rapport frå 2021 om helse- og omsorgstenester til barn med funksjonsnedsetjingar. Nærare informasjon om metodiske val og uttrekket er beskrive i statistikkvisninga.

Ny statistikk

Helsedirektoratet startar no publisering av statistikk om det samla talet habiliteringspasientar i spesialisthelsetenesta, informasjon om pasientar som fekk dag- og poliklinisk habilitering, talet på kontaktar per pasient, og dessutan kontaktar fordelt etter pasientgrupper og utførande helsepersonell. Vidare blir det vist andelen kontaktar utført ambulant og digitalt. Resultat blir viste for regionar og bustadområde som er samanfallande med helseføretakas «sørge for-ansvar». Det blir teke utgangspunkt i bustaden til pasienten, og er uavhengig av kvar pasienten vart behandla. 

-  Det er viktig å følgja med på utvikling og geografisk variasjon når det gjeld tilbod og omfanget av habiliteringspasientar som har behov for dag, poliklinisk og ambulante tenester.  Dette har også offentleg interesse, og derfor startar vi no med publisering av statistikk om denne målgruppa i spesialisthelsetenesta. Etter planen vil visningane bli oppdaterte årleg. I løpet av hausten vil det også bli publisert ein skriftleg rapport som omfattar barn og unge som har fått habilitering i spesialisthelsetenesta. Rapporten vil også visa kva slags tenester barn og unge får av kommunale helse- og omsorgstenester, seier Haug. 

Formålet med SAMDATA er å utarbeide samanliknbar statistikk og analysar om utviklinga og forskjellane i spesialisthelsetenesta. Resultata utgjer eit av grunnlaga for styring og utvikling av tenestene. Kostnader, produktivitet, aktivitet og bruk av tenester er sentrale tema i SAMDATA.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold