Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Auka antal som jobbar innan rus og psykisk helse

Interkommunale samarbeid bidreg til betre oppfylging. Foto: Mostphotos

Først publisert: 02.12.2022 Siste faglige endring: 02.12.2022

I kommunane har antalet årsverk innan rus og psykisk helse auka jamt sidan 2016 med ein auke på 283 årsverk frå 2021 til 2022. Totalt vart det i 2022 rapportert 17 074 årsverk. Likevel er det utfordringar med å finne nok kvalifiserte helsepersonell til fagfeltet.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Særleg gjeld dette psykologar, men og helsesjukepleiarar til dei universelle helsefremmande og førebyggande tenestene. Dette kjem fram i ein ny rapport som SINTEF har utarbeidd på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Utfordrande å rekruttere helsepersonell til kommunane

-   57 prosent rapporterer at dei har utfordringar med å rekruttere psykologar. Vi ser også den same utfordringa når det gjeld helsesjukepleiarar. I begge tilfella er det i år fleire kommunar som seier dei har utfordringar med rekruttering enn tidlegare. Både helsesjukepleiarane og psykologane sin kompetanse er viktig  for å gi gode helse- og omsorgstenester. Rapporten har høg svarprosent. Dette gjev oss eit god datagrunnlag og betre kunnskap om situasjonen i kommunane, seier divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet.

For å sikre at dei får tak i kvalifiserte fagfolk har kommunane gjort fleire grep.  Flest kommunar svarar at dei legg til rette for stipend/løna permisjon under utdanning (64 prosent), men også at dei tilbyr praksisplass som ein del av rekrutteringsstrategien (44 prosent), og etablerer samarbeid med relevante utdanningsinstitusjonar (44 prosent).

Godt samarbeid med allmennlegetenesta under pandemien

Det er positivt at 24 prosent av kommunane svarar at samarbeidet mellom allmennlegetenesta og kommunalt psykisk helse- og rusarbeid har fungert svært godt under covid-19-pandemien.  52 prosent svarar at det har fungert godt, medan 20 prosent svarar middels. 

Resultata  i rapporten tyder på at fastlegane har blitt enno viktigare i arbeidet med rus og psykisk helse, men at det er vanskelegare å få dei involverte enn før.

Dei som har utfordringar med rus og psykisk helse treng kontinuitet og langsiktig oppfylging frå fastlege. Når stadig fleire fastlegehjemlar står ledig og det er mange vikariat, kan denne pasientgruppa få mangelfull oppfylging.

Interkommunale samarbeid bidreg til betre oppfylging

Rapporten viser at det òg er fleire kommunar som har etablert rutinar for tverrsektorielt samarbeid for barn og unge med psykiske vanskar eller lidingar. Dette er ein positiv trend som legg til rette for at born og unge i større grad får tidleg og heilheitleg oppfylging. 

Fleire kommunar inngår i interkommunalt samarbeid om felles psykologressurs, medan andre kjøper digitale psykologtenester. 

Auka del med psykiske helseproblem og mangelfullt tilbod 

Det er få kommunar som rapporterer om nedgang i førespurnader/tilvisingar siste år, men det er mange som melder om ein stor auke blant både born med psykiske helseproblem (38 prosent) og for vaksne med psykiske helseproblem (37 prosent). Like mange rapporterer om ein liten auke. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold