Det seier Anne Forus, molekylærbiolog og spesialrådgivar i Helsedirektoratet.
Donoren har gjeve sæd ved ei dansk sædbank og vart ifølgje danske styresmakter blokkert i 2023, då det vart kjent at han hadde mutasjon i eit kreftgen, TP53.
Informasjon
Danske styresmakter har opplyst at 16 norske kvinner har fått behandling med sæd frå denne donoren ved ei dansk fertilitetsklinikk. Det har resultert i 18 born. Danske styresmakter har kartlagt kven det gjeld, og dei har fått eller vil få informasjon i løpet av kort tid.
Norske helsemyndigheiter har hjelpt danske styresmakter med å nå alle familiar som er råka i denne saka.
– Det er viktig å vite at ikkje alle born som er blitt til ved bruk av denne donoren, vil arve sjukdomen. Kvinner som får vite at dei har fått born ved hjelp av denne donoren, bør ta kontakt med fastlegen sin for å vurdere kva slags oppfølging barnet eventuelt bør få, som til dømes tilvising til medisinsk-genetisk avdeling, seier Anne Forus.
Oversikt over alle donorar
Det dreier seg om ein anonym donor, det vil seie at born som er fødde ved hjelp av sæden hans, ikkje kan få vite kven han er. Det følgjer av bioteknologilova at donorar som blir brukte i Noreg ikkje kan vere anonyme.
- I Noreg har vi oversikt over alle donorar og kodar som er brukte i behandling ved norske klinikkar i det sentrale egg- og sæddonorregisteret (ESDR) hos Folkehelseinstituttet, sier Anne Forus.
Det er trygt å få behandling med donorsæd eller donoregg i Noreg, også når det blir brukt donorsæd frå eit anna nordisk land. Alle donorar blir vurderte nøye og blir mellom anna spurde om arvelege sjukdomar i familien. Det kan likevel aldri bli gitt garanti for at born blir fødde utan sjukdom.
I Noreg kan ein donor ikkje nyttast i meir enn seks familiar. For kvinner eller par som får utført assistert befruktning i utlandet, gjeld reglane i det landet dei får utført behandlinga.
Kvinner som har spørsmål, kan ta kontakt med klinikken dei fekk behandlinga på. Den danske Styrelsen for Pasientsikkerhed opplyser på nettsida si at dei kan hjelpe kvinner med å finne fram til klinikken som har data om behandlingane, sjå nettsida: Forside | Styrelsen for Patientsikkerhed