Helsedirektoratet slår fast at berre spesialistar i psykiatri eller barne- og ungdomspsykiatri kan vere fagleg ansvarlege for vedtak i psykisk helsevern. Legespesialistar eller psykologspesialistar med andre spesialiseringar, mellom anna rus- og avhengigheitsmedisin, kan difor ikkje få denne rolla.