Bruk av fysisk makt for å gjennomføre eit medisineringsvedtak krev eige vedtak og kan berre skje i institusjonar som er godkjende for dette formålet. Dersom ein pasient motset seg injeksjon, kan eit alternativ vere å vente til pasienten er meir samarbeidsvillig eller transportere vedkommande til ein godkjend institusjon. Unntak kan gjerast i akutte situasjonar, men dette gjeld ikkje ved gjenteken motstand mot medisinering. For å kunne bruke tvangsmiddel i slike tilfelle må helseføretaket søke om godkjenning for døgnpost med ansvar for tvungent psykisk helsevern.
Bruk av tvangsmiddel ved DPS som ikkje er godkjend for tvungent vern med døgnopphald
Saksnummer: 23/30400
18. september 2023
Relevante lover og forskrifter
Psykisk helsevernforskriften § 24 er erstattet av ny psykisk helsevernforskrift § 26