Samarbeidsorgan for digital helseberedskap

Samarbeidsorganet skal samordne behov og initiativ frå aktørane i samarbeidsorganet knytt til det digitale økosystemet for helseberedskap for å vere betre førebudd ved neste helsekrise.

Formålet med Samarbeidsorgan for digital helseberedskap (SODH) er å bidra til samordning og koordinering av digital helseberedskap på tvers av aktørar. For å redusere talet på råd og utval blei det hausten 2025 vedteke at saker knytte til digital helseberedskap skal behandlast innanfor den etablerte rådsmodellen, med Nasjonalt porteføljeråd for digitalisering i helse- og omsorgssektoren som ansvarleg i normalsituasjonar. SODH kan aktiverast ved kriser eller ekstraordinære hendingar.

Bakgrunn

Hausten 2022 løfta KS og FHI, gjennom den nasjonale rådsmodellen, behovet for ein meir heilskapleg og koordinert innsats for å styrkje den digitale helseberedskapen. På bakgrunn av dette blei Samarbeidsorgan for digital helseberedskap (SODH) etablert, med utgangspunkt i styringsgruppa for koronaporteføljen.

Mandat

Mandat til samarbeidsorganet for digital helseberedskap (PDF).

Først publisert: 30.05.2024 Siste faglige endring: 19.02.2026 Se tidligere versjoner