Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

– Vi jobbar godt i Noreg med beredskap

Leiaren i Koronautvalet Øystein Olsen og statsminister Jonas Gahr Støre.

Leiaren i Koronautvalet Øystein Olsen og statsminister Jonas Gahr Støre.

Først publisert: 02.06.2023 Sist faglig oppdatert: 02.06.2023

Koronapandemien blei samla sett handsama godt av norske styresmakter, var konklusjonen i koronautvalget sin rapport som blei levert til statsministeren fredag.

Artikkelen er 117 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

På eit overordna plan er helsedirektøren glad for at utvalget meiner at pandemien var godt handsama frå helsestyresmaktene sin side.

– Det var riktig å innføre dei inngripande tiltaka vi gjorde. Samtidig tar vi med oss at vi i forkant ikkje hadde gjort nok for å vere godt nok budde på ei ny krise. Det skal vi lære av, seier Guldvog.

Skal styrke samarbeidet

I dei to tidlegare koronarapportane blei det peikt på at samarbeidet mellom dei ulike aktørane hos styresmaktene kunne vore betre, og dette budskapet kom også fram i den tredje rapporten.

– Vi må førebu oss saman med andre sektorar. Vi jobbar godt i Norge med beredskap. Det er ikkje berre ein pandemi vi skal førebu oss på framover. Difor er tett samarbeid mellom forsvar og helse viktig framover.

– Sårbarheita er ikkje likt fordelt

Sjølv om koronautvalet meiner styresmaktene tok mange riktige grep da pandemien trefte, reiste dei kritikk mot nokon av regjeringa sine tiltak. Blant anna blir det peikt på at barn og unge fekk ei uforholdsmessig stor byrde av pandemitiltaka. Det er også eit av dei viktigaste læringspunkta helsedirektøren tar med seg.

– Sårbarheita i grupper i samfunnet er ikkje likt fordelt. Barn og unge er spesielt utsette. Vi må ha gode planar for å ta vare på barn og unge i kriser. Vi må naturlegvis også ha enda betre planar enn vi har hatt, for korleis vi skal kommunisere med innvandrarar i kriser.  

Abonner på nytt eller oppdatert innhold