Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ventetider og aktivitet i spesialisthelsetenesta 2022

Skjerm

Foto: Mostphotos.

Først publisert: 17.03.2023 Sist faglig oppdatert: 17.03.2023

Fleire pasientar fekk helsehjelp i somatiske sjukehus, psykisk helsevern og rusbehandling i 2022 samanlikna med 2021. Samstundes auka ventetida og fristbrota innan somatikk og psykisk helsevern, medan det er ein nedgang innan rusbehandling. Dette viser tala som spesialisthelsetenesta har rapportert til Norsk pasientregister.

Artikkelen er 188 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Somatikk

Omlag 2,08 millionar pasientar vart behandla ved somatiske sjukehus i løpet av 2022. Dette er ein auke på 2,6 prosent frå 2021. Både antal døgnopphold, antal dagbehandlingar og antal polikliniske konsultasjonar auka.

Aktivitet i somatisk spesialisthelseteneste 2022 (pdf) 

Psykisk helsevern og rusbehandling (TSB)

Nesten 168 000 personar fekk helsehjelp i psykisk helsevern for vaksne i 2022. Det gir ein auke på 3 prosent frå same periode året før. Det er auka døgnaktivitet, og ein reduksjon i antal polikliniske konsultasjonar. 33 500 personar tok i mot helsehjelp i TSB i 2022 som er ein auke på 2 prosent frå året før. Også for dette tenesteområde er det auka døgnaktivitet i 2022, medan vi ser nedgang i antal polikliniske kontaktar.

68 000 pasientar fekk helsehjelp i psykisk helsevern for born og unge i 2022, dette er ein auke på 5 prosent frå 2021. Det er reduksjon i dei polikliniske kontaktane samanlikna med same periode året før.

Avtalespesialistar utfører meir enn 20 prosent av aktiviteten i poliklinikk i spesialisthelsetenesta

I somatikk utgjorde avtalespesialistane omlag 21 prosent av den totale polikliniske aktiviteten, medan den var 23 prosent innan psykisk helsevern for vaksne . I somatikk behandla avtalespesialistane litt over 1 090 000 pasientar i 2022, som er ein auke på rundt 10 000 pasientar frå 2021. Antal konsultasjonar var på 2 509 260, som er litt mindre enn året før. Innan psykisk helsevern behandla avtalespesialistane litt over 52 500 pasientar som er ein liten auke frå året før. Antal konsultasjonar var på 644 580, som er noko mindre enn i 2021.

Aktivitet avtalespesialistar 2022 (pdf)

Ventetid og fristbrot

Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta auka frå 61 dagar i 2021 til 66 dagar i 2022. Ventetida auka for alle sektorar, med unntak av TSB. For del fristbrot ser vi den same utviklinga, med ein auke innan somatikk og psykisk helsevern og ein nedgang for TSB.

SektorAntal dagar ventetid
2021
Antal dagar ventetid
2022
Somatikk6368
Psykisk helsevern vaksne4650
Psykisk helsevern born og unge5053
Rusbehandling (TSB)3332
Alle sektorar6166

Tabell 1. Gjennomsnittleg ventetid i antal dagar. Per sektor. Noreg

SektorDel fristbrot (prosent)
2021
Del fristbrot (prosent)
2022
Somatikk5,17,3
Psykisk helsevern vaksne4,15,4
Psykisk helsevern born og unge5,17,0
Rusbehandling (TSB)3,12,7
Alle sektorar5,17,2

Tabell 2. Del fristbrot. Per sektor. Noreg

Abonner på nytt eller oppdatert innhold