Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Utviklinga i norsk kosthald: Lite går rett veg

Illustrasjonsbilde: Ulike matvarer

Forbruket av frukt og bær har gått ned med 9 prosent de siste ti årene, og gikk også ned i 2022 (Foto: Mostphotos).

Først publisert: 06.12.2023 Siste faglige endring: 06.12.2023

Tal for matvareforbruket i 2022 viser at vi ikkje vil nå måla i nasjonal handlingsplan for betre kosthald. Forbruket av fisk og sjømat og frukt og bær har gått feil veg, og forbruket av grønsaker, og grove kornprodukt har endra seg lite.

Artikkelen er 142 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Tala kjem fram i den siste rapporten om utviklinga i norsk kosthald, Helsedirektoratet sin årlige tilstandsrapport over matvareforbruk i Noreg.

- Vi kan slå fast at vi ikkje har hatt ei ønskt utvikling i norsk kosthald dei seinaste åra, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, og legg til:

- Måla som blei sett i nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017–2023) om 20 prosent auke i forbruk av grove kornvarar, grønsaker, frukt og bær og fisk er ikkje innan rekkevidde. Vi veit at kosthaldet er ein særleg viktig faktor for utvikling av sjukdom. Vi må nå sjå nøye på kva tiltak som skal til for å gjere det enklare for folk å ete i tråd med tilrådingene.

Frukt fell

Det har vore ein stor auke i forbruket av grønsaker over tid, men ikkje dei seinare åra. Dei siste ti åra (2012–2022) har forbruket auka med 5 prosent, men forbruket gjekk ned i 2022. Forbruket av frukt og bær har gått ned med 9 prosent dei siste ti åra, og gjekk også ned i 2022.

- Det synkande forbruket av frukt og bær er negativt for folkehelsa. Vi bør auke inntaket av både frukt, bær, grønsaker og belgfrukter som bønner og linser. Vi veit at pris er ein viktig drivar, og Helsedirektoratet har mange gonger føreslått at ein bør sjå på lågare skattar på sunn mat og høgare skattar og avgifter på usunn mat som et verkemiddel, sier Linda Granlund.

Kjøt framleis for høgt, fisk og sjømat enda lågare enn tidlegare

Denne rapporten gir oss også dei første dataa for matforsyninga i etterkant av Covid-19-pandemien. I fjor såg vi ein auke i forbruket av blant anna kjøt, som delvis kan kome av mindre grensehandel under pandemien. I 2022 har vi sett ein nedgang i kjøtforbruket samanlikna med året før, men det er framleis høgare enn det var før pandemien.

Forbruket av fisk og sjømat har gått ned over tid, og gjekk også noko ned i 2022. Forbruket har gått ned med 13 prosent sidan 2015.

- Vi skulle gjerne ha sett at fleire valde å byte ut noko av det raude kjøtet med fisk og sjømat. Dette vil også ha god effekt på helsa, sidan kjøt og spesielt bearbeidde kjøtprodukt er ein av de største kjeldene til metta feitt, noko vi ønsker at folk skal få i seg mindre av. Høgt inntak av metta feitt er ein av dei viktigaste risikofaktorane for utvikling av hjarte- og karsjukdomar, seier Granlund.

Sosial ulikskap i kosthaldet

Tal frå undersøkinga Ungdata 2020–2022 viser at delen av barn og unge som et frukt eller grønsaker dagleg er låg, og at ungdom frå familiar med høgare sosioøkonomisk status eter oftare grovt brød, grønsaker og fisk enn ungdom frå familier med lågare sosioøkonomisk status.

- Det er ei stor utfordring at ungdom i familiar med lågare utdanning og inntekt oppgir å ete mindre av det som er bra for dei. Vi må passe på at tiltak på samfunnsnivå kjem alle familiar til gode, slik at kosthaldet i seg sjølv ikke bidrar til å oppretthalde sosiale helseskilnader, seier Granlund.

Sukker er eit lyspunkt

Dei fleste parameter går feil veg, sett opp mot måla, medan innhaldet av sukker i kosten er nærare målet på 11 energiprosent, og har halde seg på rundt 11 og 12 energiprosent sidan 2015.

Rapport utviklinga i norsk kosthald 2023 

  • Over tid har forbruket av grønsaker, frukt og bær auka betydeleg, men ikkje dei seinare åra - og heller ikkje i 2022. Forbruket av kjøt har auka betydeleg over tid. Forbruket gjekk ned i 2022 etter ein auke under pandemien, men var framleis høgare enn i 2019. Fiskeforbruket har gått ned sidan 2015, og gjekk også noko ned i 2022. Sukkerforbruket har gått mykje ned i lang tid. Forbruket gjekk opp i 2021, men i 2022 var sukkerforbruket igjen nede på nær same nivå som i 2019.
     
  • Dette er dei første dataa for matforsyninga i etterkant av Covid-19-pandemien. Pandemien førte til betydeleg nedgang i grensehandelen i 2020 og 2021, og til auka ordinær import og auka nasjonal produksjon av ein del varer. Desse endringane bidro til høgare engrosforbruk av nokre varegrupper, som kjøt og sukker. I 2022 har forbruket av desse varene justert seg ned igjen.
     
  • Tala frå matforsyningsstatistikken tydar på at vi ikkje når måla i nasjonal handlingsplan for betre kosthald (2017 - 2023) om 20 prosent auke i forbruk av grove kornvarar, grønsaker, frukt og bær og fisk. For nokre matvaregrupper (frukt/bær og fisk) går utviklinga i feil retning. Innhaldet av metta feitt i kosten er langt frå målet, medan innhaldet av tilsett sukker er nærare målet.
     
  • Vurdert opp mot Helsedirektoratet sine kostråd og tilrådingar et vi for lite grønsaker, frukt, bær, grove kornvarer og fisk. Vi får i oss for mykje metta feitt, sukker og salt og for lite kostfiber. Kostens innhald av feitt totalt, protein og karbohydrat er innanfor tilrådd nivå.
     

Nokre hovedresultat

  • GRØNSAKER. Stor auke i forbruket av grønsaker over tid, men ikkje dei seinare åra. I perioden 2012–2022 har forbruket auka med 5 prosent, men forbruket gjekk ned i 2022. Det er langt frå målet i handlingsplanen om 20 prosent auka forbruk innan 2023.
     
  • FRUKT OG BÆR. Forbruket av frukt og bær har også auka betydeleg over tid. Dei siste ti åra har forbruket av frukt og bær gått ned med 9 prosent, og gjekk også ned i 2022. Det er langt frå målet i handlingsplanen om 20 prosent auka forbruk innan 2023 – og utviklinga går i feil retning.
     
  • KORNFORBRUK OG SAMMALA MEL. Kornforbruket auka frå 1970 til midten av 2000-talet, men har sidan gått ned. Frå 2019 til 2020 var det ein auke, men i 2022 var forbruket igjen på same nivå som i 2019. Delen sammala mel frå norske møller har auka over tid, men gjekk ned i 2021 og halde seg på same nivå i 2022.
     
  • FISK OG SJØMAT. Framleis nedgang. Forbruket av fisk og sjømat har gått ned over tid, og gjekk også noko ned i 2022. Forbruket har gått ned med 13 prosent sidan 2015. Langt frå mål om 20 prosent auka forbruk innan 2023 – og utviklinga går i feil retning. Fiskeforbruket er vesentleg lågare enn kjøtforbruket.
     
  • KJØT. Engrosforbruket av kjøt har auka betydeleg over tid. I perioden 2015–2019 gjekk forbruket av både kjøt totalt og raudt kjøt noko ned, medan forbruket av kvitt kjøt auka. Kjøtforbruket auka i 2021. I 2022 var det ein nedgang i kjøt totalt, raudt og kvitt kjøt, men forbruket var framleis høgare enn i 2019. Dersom anslag for grensehandel blir lagt til engrosforbruket, vil nedgangen i totalt kjøtforbruk frå 2021 til 2022 bli mindre.
     
  • SUKKER. Stor nedgang i engrosforbruket av sukker over tid, 17 prosent ned i perioden 2012–2022. Det auka frå 2019 til 2021, men i 2022 var sukkerforbruket igjen nede på nær same nivå som i 2019. Dersom anslaga for grensehandel blir lagt til engrosforbruket, vil det framleis vere ein nedgang i forbruket av sukker i 2022, og et lågare forbruk enn i 2019.
     
  • Tilsett sukker utgjorde ca. 11 energiprosent i 2019 og ca. 12 energiprosent i 2020–2022. Med justering for grensehandel vil tilsett sukker utgjere ca. 12 energiprosent i heile perioden 2019–2022. Dette er høgare enn mål i handlingsplan (11 energiprosent) og høgare enn tilrådd (under 10 energiprosent).
     
  • METTA FEITT. Framleis ikkje nedgang for metta feitt. Sidan 2015 har innhaldet av metta feitt lege mellom 14 og 15 energiprosent, og utgjorde ca. 14 energiprosent i 2020–2022. Dette er vesentleg høgare enn tilrådd (under 10 energiprosent).
Bilde av tabell
Matvareforbruk på engrosnivå

Om anslag for grensehandel

NIBIO har berekna grove anslag for grensehandel av korn- og melvarer, kjøt, meierivarer, sukkervarer, sjokolade og sukker i brus. Anslaga for grensehandel er ikkje inkludert i tala for engrosforbruk av matvarer. Anslaga for grensehandel er langt lågare i 2020 og 2021 enn før pandemien. Tal for 2022 tydar på at grensehandelen har tatt seg delvis opp.

Om rapporten

Utviklinga i norsk kosthald er ein årleg rapport som Helsedirektoratet gir ut. Rapporten viser utviklinga i kosthaldet over tid, og er basert på årlege tal for matforsyninga i landet til og med 2022. Matforsyningstala er baserte på statistikk over import, eksport, produksjon og omsetting av matvarer. Tala viser matmengdene som er tilgjengelege for heile befolkninga på engrosnivå.

Talmaterialet er bearbeida for Helsedirektoratet av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Avdeling for ernæringsvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold