Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Utdanningsverksemdene skal vurdere kompetanse ved overgang frå gammal til ny spesialistutdanning innan 31.12.2023

Leger som snakker sammen over et ark

Først publisert: 30.03.2023 Siste faglige endring: 30.03.2023

Ny spesialistutdanning blei innført 1. mars 2019. Det har vore eit mål at flest mogleg leger i spesialisering (LIS), så raskt som mogleg skulle bli fasa inn i den nye ordninga.

Artikkelen er 330 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Utdanningsverksemda der legen er tilsett skal sørge for at oppnådde læringsmål blir vurderte og dokumenterte innan 31. desember 2023. Dette gjeld alle spesialitetar. Legar som har kome langt i spesialiseringa kan velje å fullføre og få godkjenning etter gammal ordning etter bestemte vilkår.

Kven kan søkje spesialistgodkjenning etter gamal ordning?

For sjukehusspesialitetane er det status per 1. mars 2019 som er avgjerande. Legar som hadde mindre enn 3 år igjen per 1. mars 2019, kan søkje spesialistgodkjenning etter gammalt regelverk (spesialistgodkjenningsforskrifta). 

For allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin er det andre reglar: Alle som var under spesialisering i allmennmedisin og samfunnsmedisin per 1. mars 2019, kan søkje spesialistgodkjenning etter gamal ordning fram til 31. desember 2026. For arbeidsmedisin er fristen 31. desember 2028. 

Legar som starta i gammal ordning, og skal konvertere til i ny

Legar som har starta spesialiseringa etter gamal ordning, og som skal inn i ny ordning, har rett til å få ei vurdering av oppnådde læringsmål på bakgrunn av kompetanse oppnådd ved teneste, kurs, prosedyrar osv. som allereie er gjennomført. 

Verksemda der LIS-legen er tilsett, har plikt til å vurdere og dokumentere kva læringsmål som er oppnådde, innan 31. desember 2023. Leiaren må gjennomføre ei reell kompetansevurdering på bakgrunn av gjennomført teneste og erfaring for å avgjere om læringsmålet er oppnådd. 

For legar som er i permisjon eller har andre fråvær frå tenesta 31. desember 2023, er fristen seks månader frå legen er tilbake i tenesta. Plikta til å vurdere og dokumentere oppnådde læringsmål ligg på den utdanningsverksemda som har ansvar for legen når fristen går ut. 

Individuell utdanningsplan

Erfaring, teneste og tidlegare praksis skal inngå ved utarbeiding av den individuelle utdanningsplanen når legen går over i ny ordning (§ 25). Planen skal leggje til rette for at LIS-legen kan oppnå dei resterande læringsmåla i spesialiteten. 

Korleis vurdere kompetanse som ligg langt tilbake i tid?

Vurderinga skal bli gjennomført og stadfesta på same måte som ved den løpande kompetansevurderinga og godkjenninga av læringsmål (§ 26). Forskjellen er at vurderinga her vil skje noko tid etter at læringsaktivitetane er gjennomførte. Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for kompetansevurdering av LIS som kan vere til hjelp: Kompetansevurdering av leger i spesialisering - Helsedirektoratet

Sjå også rundskriv til spesialistforskrifta §37 andre ledd

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold