Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Uriktige påstandar i NRK-sak om behandling av kjønnsinkongruens

Ungdom som snakker sammen

Ungdom. Foto: Mostphotos

Først publisert: 27.06.2023 Siste faglige endring: 27.06.2023

I nyheitssendinga til NRK måndag 26. juni blei det satt fram påstandar som ikkje er riktige om behandling av personar med kjønnsinkongruens. NRK har dessverre misforstått og har framstilt saka som om det no er komen endringar i ei retningsline som kom for tre år sidan. Det har det ikkje.

Artikkelen er 304 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette har ført til at fleire brukarorganisasjonar har reagert kraftig, og påstandane har skapt stor bekymring. Det har Helsedirektoratet stor forståing for, ikkje minst fordi vi heile vegen har vore opptatte av ein open og ærleg dialog med både brukar- og interessegrupper og fagmiljø. 

Helsedirektoratet ønsker å presisere følgande: 

  • Det er eit mangelfullt tilbod til pasientgruppa i dag, og Helsedirektoratet er svært opptatt av at dei skal få eit betre tilbod.  
  • Helsedirektoratet har ikkje gjort nokon endringar i sine anbefalingar i dei nasjonale faglege retningslinene sidan dei blei lanserte i juni 2020. 
  • Helsetenesta er ansvarleg for organisering av helsetenestene og å gi tilbod om utreding og behandling, samt sørge for at tilboda er forsvarlege.  
  • Tilsvarande er det også helsetenesta (ved dei regionale helseføretaka) som avgjer om hormonell behandling av barn og unge skal vere utprøvande. Ei slik vurdering kan også bli gjort av Nye metodar. Det er ikkje tatt nokon avgjerd om hormonell behandling av barn skal vere utprøvande. Dette blir no utreia/vurdert av spesialisthelsetenesta.
  • Helsedirektør Bjørn Guldvog har tatt initiativ til dialog med helsetenester, fagmiljø og interesseorganisasjonar over heile landet. Dette skal danne eit godt grunnlag for samarbeid for å etablere og videreutvikle gode helsetilbod. Vi oppfattar at det er ein open og god dialog i denne prosessen. Samarbeidsmøta vil halde fram etter sumaren. 
     
  • Lenke til Nye metodar

Abonner på nytt eller oppdatert innhold