Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.
Helseoppfølginga til personar som bur i omsorgsbustader er lite undersøkte. Senter for omsorgsforsking har på oppdrag frå Helsedirektoratet utarbeidd ein rapport, som bygger på ei undersøking som i hovudsak vart gjennomført i løpet av 2020.
- Samstundes ser vi behov for å hente inn meir kunnskap, og då spesielt meir kunnskap frå bebuarane sjølv, før vi kan gi faglege råd og oppmodingar mellom anna om organisering av fastlegetilknyting til bebuarar i omsorgsbustad, seier Haug.
Stor variasjon
Det er stor variasjon i kven som bur i omsorgsbustader. Blant bebuarar i omsorgsbustader, som er omfatta av denne undersøkinga, er personar med høg alder og somatisk sjukdom eller demens, personar under 67 år med psykisk utviklingshemming eller fysiske funksjonshemmingar og personar i ulike aldrar med psykiske lidingar og rusutfordringar.
Bebuarar i omsorgsbustad har tilsvarande rettar til helse- og omsorgstenester som andre heimebuande i kommunane. Eit fellestrekk for bebuarar i omsorgsbustad er behov for trygd og hjelp frå helsepersonell til å kontakte fastlege og bestille tima, uttrykke og skildre plager og symptom for legen og til å følgje opp medisinering og råd frå legen etter legebesøket.
Tre modellar
Undersøkinga fann tre ulike modellar for medisinskfagleg oppfølging gjennom fastlegetilknyting. I den eine modellen har alle bebuarane kvar sin individuelle fastlege, i den andre modellen er det nokre få fastlegar som gir legetenester til fleire av bebuarane i omsorgsbustaden og i den tredje modellen har alle bebuarane i omsorgsbustaden same fastlege.
Særleg fire tilhøve viser seg gjennom undersøkinga å ha tyding for om bebuarane opplever legetenestene som ein integrert del av den heilskaplege helseoppfølginga:
- Fastlegar og helsepersonell som følgjer opp bebuarar i omsorgsbustader har god kjennskap til bebuarar og deira helsetilstanden.
- Det er god samarbeidskompetanse og gode relasjonar mellom fastlegane og helsepersonell tilknytt omsorgsbustaden.
- Fastlegar har interesse og kompetanse for bebuarar i særskild utsette grupper
- Det blir tatt omsyn til reiseavstand og tilgang til fastlegekontoret for personar som har vanskelege høve for å reise.
Rapporten er lagt ut på omsorgsbiblioteket og du kan lese han i heilskap her: www omsorgsforsking no