Hopp til hovedinnholdet

Svak nedgang i kor mange som ventar på plass i sjukeheim

Det er totalt 1 497 personar som står på venteliste til sjukeheim per 15. desember 2018 mot 1 518 som sto på venteliste 15. august.

Dei som står på venteliste har fått innvilga langtidsopphald i sjukeheim av kommunen, men ventar på å få plassen. 46 prosent av dei 411 kommunane som svarte på undersøkinga hadde personar på venteliste til langtidsplass i sjukeheim i desember 2018.

Dei i alt 1 497 personane som står på venteliste fyller kriteria for å få langtidsopphald, men får i staden andre forsvarlege tenester. 542 av dei får tenester i eigen heim og 955 personar har kortidsplass i sjukeheim.

411 av 422 kommunar har svart på undersøkinga. Det gjev ei svarprosent på 97,4 og dekkjer 99,3 prosent av innbyggjarane i Noreg.

Sjå oversyn over ventelister i kommunane 1., 2. og 3. tertial 2018 (XLS)

Om ventelistene

Regjeringa har innført krav om at kommunane skal lage ventelister for sjukeheim eller tilsvarande bustad. Kommunane rapporterer desse ventelistetala til Helsedirektoratet som samanstiller og publiserer tala kvart tertial.

Kommunen har rapportert på fylgjande spørsmål:

  • Kor mange pasientar/brukarar har per 15. august/april/desember vedtak om at dei fyller kriteria til kommunen for langtidsopphald eller tilsvarande bustad særskild lagt til rette for heildøgertenester som bur i eigen heim medan dei ventar på langtidsplass?
  • Kor mange pasientar/brukarar har per 15. august/april/desember vedtak om at dei fyller kriteria til kommunen for langtidsopphald eller tilsvarande bustad særskild lagt til rette for heildøgertenester, men mottek kortidsopphald medan dei ventar på langtidsplass?
  • Kor mange pasientar/brukarar står på venteliste til kortidsopphald medan dei ventar på ledig plass per 15. august/april/desember?

Først publisert: 08.02.2019

Skriv ut/Lag PDF er midlertidig deaktivert