Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Stine Camilla Bjerkestrand blir ny kommunikasjonsdirektør i Helsedirektoratet

Portrettfoto av Stine Camilla Bjerkestrand

Ny kommunikasjonsdirektør i Helsedirektoratet Stine Camilla Bjerkestrand. Foto: Ingar Sørensen

Først publisert: 07.03.2024 Siste faglige endring: 07.03.2024

Ho går inn i rolla 1. april, samtidig som Helsedirektoratets nye organisering trer i kraft.

Artikkelen er 134 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Ved årsskifte blei Helsedirektoratet slått saman med Direktoratet for e-helse, og samtidig blei ansvar for enkelte oppgåveområde omfordelt mellom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. I samband med dette er direktoratet omorganisert. 

Inntil årsskiftet var Bjerkestrand kommunikasjonsdirektør i Direktoratet for e-helse. No får ho ein breiare portefølje i den nye kommunikasjonsavdelinga i Helsedirektoratet. Ho har over 20 års erfaring frå leiarroller innan kommunikasjon, forskingsformidling og digitalisering i helsesektoren og media. Bjerkestrand har mellom anna ei mastergrad i leiing og medieutdanning frå Volda. 

– Vi får ein kommunikasjonsdirektør som kjenner helse- og omsorgssektoren, og som har verdifull kompetanse innanfor både kommunikasjon og digitalisering. Eit av formåla regjeringa hadde med samanslåinga var nettopp at styresmaktsoppgåvene innan digitaliseringsområdet skal styrkjast og bli kopla tettare til tenesteutviklinga. Eg ser fram til å samarbeide med Stine Camilla Bjerkestrand, seier divisjonsdirektør Jan Arild Lyngstad. 

- Gjennom samarbeidet i Direktoratet for e-helse har eg erfart at Stine Camilla har stor strategisk og operativ kapasitet, og ho vil vere ein ressurs for Helsedirektoratet i rolla som kommunikasjonsdirektør, seier assisterande helsedirektør og tidlegare direktør i Direktoratet for e-helse, Mariann Hornnes. 

Kommunikasjonsavdelinga i Helsedirektoratet vil bestå av medarbeidarar frå kommunikasjonsmiljøa i dei to direktorata, som no er slått saman. 

– Eg gler meg til å jobbe for at Helsedirektoratet lykkast med det viktige samfunnsoppdraget sitt. Vi jobbar for god helse – gode liv, og då er kommunikasjon eit svært viktig verkemiddel. Dette blir ei spennande kommunikasjonsavdeling med sterk og brei kompetanse i kommunikasjonsfaget. Saman skal vi bidra til at direktoratet når måla sine, seier Stine Camilla Bjerkestrand. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold