Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Reviderte anbefalingar for antibiotikabehandling av hud- og blautdelsinfeksjonar er publiserte

Foto: Mostphotos

Først publisert: 22.12.2022 Siste faglige endring: 22.12.2022

Helsedirektoratet har i samarbeid med helsetenesta revidert anbefalingane for bruk av antibiotika i sjukehus ved hud- og blautdelsinfeksjonar.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Infeksjonane det er snakk om kan vere frå lette til livstruande.

  • sårinfeksjonar
  • fotsår hos diabetikarar
  • livstruande infeksjonar, som blir omtalt som "kjøtetande bakteriar" i media.

-  Rett bruk av antibiotika er viktig for å gi pasientane god behandling og for å motverke utvikling av antibiotikaresistens. Eg er glad for oppdateringa av dette kapittelet og for at heile retningslina nå er revidert. Mange engasjerte fagfolk har vore med på revisjonen, vi set stor pris på innsatsen, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.


Dei viktigaste endringane

Anbefalingane er nå spissa inn mot sjukehusbehandling. Tilstandar som hovudsakeleg blir behandla i primærhelsetenesta blir ikkje omtalt, men anbefalingane er samstemde med retningslina for antibiotikabruk i primærhelsetenesta. Behandlingslengde er i nokon tilfelle korta ned i tråd med oppdatert kunnskap medan det blir presisert når det er behov for lengre behandling eller høgare dosering.

Ved diabetiske fotsår blir det anbefalt andre middel enn ciprofloksacin på grunn av risiko for biverknader. Til dei alvorlegaste infeksjonane, såkalla nekrotiserande («kjøtetande») infeksjonar blir det anbefalt ulike behandlingsregime avhengig av anatomisk lokalisering. Det er eigne anbefalingar for toksisk sjokk, inkludert anbefalingar for immunglobulin ved sepsis eller toksisk sjokk forårsaka av gruppe A-streptokokkar. 

Gi innspel

Anbefalingane er utarbeidd i samarbeid med breie og kompetente fagnettverk, sjå her for oversyn over medlemmar. Eirik Müller Indrebø frå redaksjonen har vore ansvarleg for kapittelet hud- og blautdelsinfeksjonar. Per Espen Akselsen leiar det redaksjonelle arbeidet.

Du kan gi innspel til det faglege innhaldet i dette kapittelet fram til 1. mai 2023. Alle innspel blir vurdert fortløpande av redaksjonen. Dersom det ikkje er behov for snarlege endringar, vil dei bli lagt fram samla for fagnettverket etter fristen.

Retningslina ferdig revidert

Den nasjonale retningslina for bruk av antibiotika i sjukehus er mykje brukt og består av rundt 160 diagnosar eller indikasjonar med fleire underliggande anbefalingar. Nå er alle dei organspesifikke kapitla reviderte og publiserte i ny form.

Meir om retningslina

Abonner på nytt eller oppdatert innhold